Travle dagar for Kamilla

Kamilla Halvorsen Kløvning har hovudrolla i årets musikal MoonWalker. Ho skildrar seg sjølv som liten, glad og kjekk, så ho synest eigentleg at ho burde bli flinkare å tenkje positivt om seg sjølv. Ei blid, låg jente kjem spaserande mot meg. Vi har avtalt dette intervjuet ein dag i førevegen. Det er vanskeleg å få …

Oriowald kafé

Elevar frå Service og samferdsel skal tradisjonen tru drive kafé under musikalframsyningane i år. Dei har jobba med oppdraget i to månader, og kan love eit spanande konsept. Kaféen vil spele på same tema som musikalen – difor namnet Oriowald, som er namnet på den mystiske og løyndomsfulle skogen i handlinga til musikalen. – Vi …

5 musikkelevar på øvingshelg

Laurdag 6. februar og søndag 7. februar var det duka for øvingshelg for musikkelevane. Koreografi, sang og drama skulle terpast på, og med kort tidsskjema var stressfaktoren høg. Vi snakka med fem elevar kl. 17.00, og det var ikkje få timar dei hadde vore på øving. – Kva er di rolle i musikalen? – Kva …

Frå Det Store Korslaget til Ørsta Kulturhus

For eit par veker sidan var han å sjå på TV-skjermen. Neste veke er det Ørsta kulturhus sin tur å få ein bit av Simen Rotevatn. Og han gruar seg. Han har fått smake på kjendisstatusen i det siste, etter at han var med i Det Store Korslaget. Saman med Team Simone song han seg …

3 medieelevar på gata

Andreas Remøyholm Eg har ansvaret for alle lydeffekter til websida, flashanimasjonar og eventuelt filmar. Eg skal også vere med på å lage eiga musikalsending til Radiohaud. Det eg synest er aller mest utfordrande er å lage ei bra og gjennomført radiosending. Ein kan snakke om mykje bra, men det er lydeffektene og slike ting som …