5 musikkelevar på øvingshelg

Laurdag 6. februar og søndag 7. februar var det duka for øvingshelg for musikkelevane. Koreografi, sang og drama skulle terpast på, og med kort tidsskjema var stressfaktoren høg.

Vi snakka med fem elevar kl. 17.00, og det var ikkje få timar dei hadde vore på øving.

– Kva er di rolle i musikalen?
– Kva forventningar har du?
– Korleis har det gått på øvingshelga?

Anna Elise Vadset, 1MU
På øving sidan kl 12.00

– Mi rolle i musikalen er å synge i koret, og danse på «Childhood». Eg har også ein solodans på «Blood on the dancefloor».

– Eg forventar at det blir bra, og trur at musikalen kjem til å bli kjempekul. Det er eit veldig «hipt» tema som ungdommen likar.

– Det har gått heilt greit, vi har fått øvd, i vertfall. Det har alltid vore veldig etter skjema, så det var litt ukult. Men elles har det gått bra, men det kunne gått betre.

Øyvind Osdal, 1MU
På øving sidan kl. 12.00, søndag.

– Eg er dansar på «Ghost» og «Childhood», og står i koret.

– Eg forventar jo at det kjem til å bli kjempekjekt, og travelt også såklart. Eg har eigentleg ikkje så
mange forventningar sidan det er fyrste gong eg er med på det. Det har vist seg å vere slik eg hadde forventa det til no, veldig travelt, men kjekt.

– Synest det har gått kjempebra under øvingshelga. Var spesielt gøy at eg var på den dansegruppa som fekk minst kritikk.

Mathias Skurtveit, 3MU
På øving sidan kl 14.00, søndag.

– Eg er sangar, dansar og korist.

– Eg forventar at det blir gøy, og artig, og eg trur det kan bli bra.

– Så vidt eg kan sjå so går det bra med øvinga, eg synest vi ligg passe godt an.

Rolf Lillebø:
På øving sidan kl. 13.00

– Mi rolle i musikalen er å spele far.

– Eg forventa vel ikkje så veldig mykje. Forventa at folk gjer som dei skal og at dei møter opp. Det er i grunnen det.

– Eg synest det har gått bra, men det har vore litt forsinkelsar og styr. I går var vi over tre timar forsinka.

Monica Telseth
På øving sidan kl. 14.00

– Mi rolle er å danse på to dansar, og så skal eg spele ein vampyr. Skal kanskje stå litt i koret.

– Eg håper det blir bra. Det er i alle fall gøy å arbeide med det, sjølv om vi ikkje har kome so langt enda.

– Det går heilt OK. Vi har ligge bak tidsskjema begge dagane, men alt blir mykje klarare etter vi har gått gjennom scenene.

Ingrid Beate Foldal
Foto: Linda Nordstrand

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *