Om Musikalen


Moonwalker er ein musikal framført av musikklina ved Volda vidaregåande skule. Musikalen er basert på musikk av Michael Jackson, og er skrive av Jan Terje Eidset. Moonwalker er den 14. musikalen i rekkja ved skulen. Musikk, dans og drama, Media og kommunikasjon, Service og samferdsel og Studiespeialisering samarbeidar om å gjere dette til tidenes beste musikal!

Billettar

Stad: Ørsta Kulturhus

Pris vaksen: 200 kr
Pris barn: 110 kr

16. februar, PREMIERE – Kl. 19.30
17. februar – Kl. 19.30
18. februar – Kl. 19.30

Du kan bestille billettar på Ørsta Kulturhus si heimeside.

Synopsis

I utkanten av skogen Oriowald, finn vi bygda Vladaki. Vladaki er i grunnen ei heilt vanleg vestlandsbygd , der store fjellformasjonar skapar ei ramme rundt den bratte skogsida som varsamt dett ned mot dei små drivkvite husa som ligg tett i tett heilt ned med fjøra. Her livnærer dei seg som folk flest ved å drive i jorda og med fiske. Før i tida dreiv dei til og med i skogen, men ikkje no …

Oriowald har blitt ein frykta skog. Ein skog der mange har vandra inn utan å kome tilbake.

I Vladaki finn vi også Maria og familien hennar. Maria brukar alltid å seie at det er dei tre s-ane ein treng for å overleve som jente i ei vestlandsbygd; ein må vere sta, sterk og snill. Og det er slik ein også kan beskrive Maria. I tillegg kan heilt sikkert mange av gutane i bygda skrive under på at Maria også er ei vakker jente, og ikkje minst ettertrakta.

Sjølv om Maria er myndig, bur ho framleis heime med mor og far, og har eit godt forhold til familien sin. Men ho held ein ting skjult for dei. Ho går nemleg ofte i skogen. Og skogen har mange løyndomar. Ein av dei er Victor.

Maria elskar Victor og Victor elskar Maria, og så lenge løyndomen er deira, og berre deira, er alt ein harmoni.

Men bak kulissene er løyndomen trua, noko som ikkje lovar godt for kjærleiken.