3 musikkelevar på gata


André Innselset, 1MU:
Det eg gler meg mest til er framsyninga, og kicket ein får av å stå på scena.
Eg forventar at det skal bli bra, da. Og det trur eg det blir også.
Eg er litt lei for at det blei Michael Jackson-musikk, må innrømme det. Det stod mellom han og The Beatles, og eg håpa det skulle bli The Beatles. Men så klart måtte det bli han, sidan han døydde nyleg.
Mi rolle i musikalen er å danse og synge i kor.


Henrik Dalen, 1MU:
Det eg gler meg mest til er premieren.
Forventningane mine … Eg vonar det blir skikkeleg kult, og at alle er skikkeleg glade.
Personleg tykkjer eg ikkje Michael Jackson er like bra som The Beatles, men det er heilt OK.
Mi rolle i musikalen er å syngje i kor og danse.

Karina Kvalsund, 1MU:
Eg gler meg mest til å framføre, og å få setje saman alt og sjå korleis det blir.
Hm, kva eg forventar ..? Eg trur det blir bra!
Først var eg veldig skeptisk til musikkvalet, men eg trur det kan bli bra. Han har mange kule songar som passar inn.
Mi rolle i musikalen er å stå i koret, og danse på to dansar.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *