Frå Det Store Korslaget til Ørsta Kulturhus

For eit par veker sidan var han å sjå på TV-skjermen. Neste veke er det Ørsta kulturhus sin tur å få ein bit av Simen Rotevatn. Og han gruar seg.

Han har fått smake på kjendisstatusen i det siste, etter at han var med i Det Store Korslaget. Saman med Team Simone song han seg inn i Noregs hjarter. Heilt til dei rauk ut, sjølvsagt. Men det gjorde ingenting, for heime i Volda var det ein musikal som venta på Simen.

Skummelt
Eg byrjar med det sjølvsagte spørsmålet. Korleis er det eigentleg å ha hovudrolla i ein musikal? ”Det er veldig skummelt” seier han raskt. Ingen tvil. ”Eg er førsteklassing..” han ser på meg, som om eg burde forstå. Forstå at det er himla skummelt å ha hovudrolle i ein musikal når du berre går i 1.klasse. Eg forstår. ”Det er ikkje alle musikkelevane som tykkjer om at ein førsteklassing får hovudrolla” seier han med ein litt seriøs tone. ”Men det er veldig gøy.”

Han er så sjenert, seier dei. ”Å ja, han sjenerte?” Ja, eller Simen, då. Men det gjer ingenting. Simen har jo trass alt vore på TV.
”Kva gler du deg mest til med musikalen?” spør eg han. Han ser i veggen. Må tenkje litt. ”Eg veit ikkje korleis det fungerar, så eg veit i grunnen ikkje kva eg gler meg til.” Han ser ut i lufta. ”For å sei det sånn.” ”Men, gler du deg ikkje til premieredagen då?” ”Nei, eg gruar meg mest,” seier han med eit lurt smil.

Sjenert men sjarmerande
Simen har spelt i opptil fleire band. Det var først i åttande klasse på ein toalettur, bandinteressa skaut fart: ”Eg song medan ein kompis var på do, og han hadde tydelegvis høyrt meg.” Han smiler. ”Når han var ferdig på do, spurte han meg om eg ville vere med i bandet hans.” Og sidan den gong har Simen Rotevatn spelt i band.

Eg forstår det no. Kvifor dei seier han er sjenert. Men det gjer ingenting, for sjarmen er i alle fall på plass. ”Kva er dine positive sider?” spør eg. Han ser på meg. Eg veit det er eit vanskeleg spørsmål. Det er nettopp difor eg spør. ”Eg.. veit ikkje. Har faktisk ikkje peiling.” Ikkje? ”Eller.. Eg er ikkje flink til å rydde. Det er vel kanskje ei negativ side. Men det hadde du vel tenkt å spørje om òg?” Han hadde rett. ”Eg er litt skulenerd. Litt.” Han smiler. Sjenert. ”Og det er positivt?” spør eg. ”Det er det.”

Stor overgang
”Eg er kanskje litt dum” skyt han ut. Ler litt. Av seg sjølv. ”Eg fattar ikkje ting så fort. Eg er litt sånn.. Blond. Litt sånn.. Folk må forklare vitsar til meg. Og sånn.”
Svart hår. Lysegrøne auger. Sjenert? Sjenert. Eg må berre spørje. Eg spør på heile Noregs ungjenter sine vegne. ”Er du singel?” Vi fniser litt begge to. ”Ja,” han ser i golvet. ”Så vidt eg veit.”

Er ikkje mange vekene sidan eg såg han på TV-skjermen. Song for full hals, gjorde han. På Volda-dialekt. ”Korleis er det å gå i frå Korslaget til musikalen?” spør eg han. Har ei kjensle av at han har fått dette spørsmålet mange gongar før. ”Det var ein stor overgang. Heilt klart. Det er jo to vidt forskjellige ting. Eigentleg.” Han ser ut i lufta. Og kva er best av Det Store Korslaget og musikalen? ”Nei, det gjenstår å sjå.”

Hannah M. Kolås
Foto: Ingrid T. Heltne

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *