Ei veke att

Førre helg var det øvingshelg for musikkelevane ved Volda vidaregåande skule. Med litt over ei veke att til premiera på årets musikal, var det ikkje alt som var på plass. Men det nærmar seg.

Michael Jackson. Overalt. Musikkelevar som dansar. Syng. Stressar. It doesn’t matter if you’re black or white. Eit par dansesko ligg i eit hjørne. Ei dame serverer engelske glosar. ”You have to stand up straight!” Thriller. Lærarane pratar med kvarandre. Diskuterer. Elevane ser lykkelege ut. Lykkelege for at det snart er premiere, eller lykkelege for at det heile snart er over?

På eit av romma er det mange jenter. Dansar. ”Vi tek det frå byrjinga!” Dei går gjennom heile dansen igjen. Og igjen. Og igjen. Han skal sitte som spikra. Det skal vere ein refleks. Dei skal kunne gjere den i søvne.

På eit anna rom er det Michael Jackson på storskjerm. Folk klappar. Syng med. ”Dritbra!” Dei ler. Saman. 78 musikkelevar. Ei veke att til premiere.

Manusforfattaren sit i ein stol ute i gangen. Mannen bak det heile. Ser overraskande avslappa ut. Set seg tilbake i stolen. Har eit godt tak rundt kaffikoppen. Lurer på kva han tenkjer på. Om det er dette-går-sabla-bra-tankar, eller å-herregud-kva-har-eg-begitt-meg-ut-på-tankar.

Folk nynnar. Klappar i hendene. ”Ida, Karina, Sofie, vi må øve!” så spring dei inn på eit rom. Dansar. Igjen. Og igjen. Folk kikar inn. Nysgjerrige som dei er. ” Og så er det liksom ned. Og skift. Og skift.” No sit dansestega. Snart.

Eit par gutar går rundt i gangane. Med hatt på hovudet. Litt sånn.. Michael Jackson? Nokre jenter har lagt seg til for å sove på eit par benkar. Det er hardt. Hardt å vere Michael.

Plutseleg kjem sju gutar i bar overkropp. ”Fire, fem, seks!” ropar danselæraren. Dei slår seg på brystet. Veivar med pinnar. Ghost. Hoppar over kvarandre. ”De må huske å skli!” Litt av eit sceneshow, dette. Så stoppar dei. Ser på kvarandre. Ler. Framleis i bar overkropp.

Beat it. Manusforfattar står på sidelina. Dei dansar. Syng. So beat it, just beat it. Ho polske klappar. ”Nice!” Dei stoppar eit lite sekund. Var det feil? Korleis var trinna no igjen? Set musikken på pause. Mange stemmer. ”Vi startar frå byrjinga!” Og så var det på’n igjen.

Det har blitt seint på kveld. Øvingshelga er over for denne gong. Ute fell tunge snøflak. Mørket har lagt seg som eit teppe over den vesle bygda. Ei jente nynnar medan ho går ut gjennom døra. Bad. Det er berre ei veke att. Ei veke til sceneteppet rullar opp på Ørsta kulturhus. Ei veke til den 14.musikalen til Volda vidaregåande skule går av stabelen. Ei veke.

Hannah M. Kolås

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *