Oriowald kafé

Elevar frå Service og samferdsel skal tradisjonen tru drive kafé under musikalframsyningane i år. Dei har jobba med oppdraget i to månader, og kan love eit spanande konsept. Kaféen vil spele på same tema som musikalen – difor namnet Oriowald, som er namnet på den mystiske og løyndomsfulle skogen i handlinga til musikalen. – Vi vil freiste å skape ei atmosfære i kaféen som skal minne om ein mystisk og stemningsfull skog ei måneskinnsnatt, seier dagleg leiar for kaféen, Svein-Ivar Sætre, og kiosksjef Tarjei Velle Skjelbostad. Både medielinja på Volda vgs og formgjevingslinja på Ørsta vgs bidreg med å dekorere kaféen, både fysisk og audiovisuelt.

Det er 16 elevar i klasse 1SA1 som driftar kaféen, i samarbeid med Volda vgs. Kafédrifta vert gjort på profesjonelt vis, etter ungdomsbedriftprinsippet. Matutvalet vil vere enkel og god mat som folk kan ta med seg i handa. – Vi vonar publikum vil vitje kaféen og kose seg med god mat i pausen, og at stemninga frå fyrste akt vert ivareteken fram til andre akt, seier elevane.

MAT
Pølse m/brød kr. 15,-
Vafle kr. 10,-
Brownies kr. 10,-
DRIKKE
Brus kr. 20,-
Kuli kr. 10,-
Kaffe kr. 10,- (påfyll kr. 5,-)
SNOP
Klubbe kr. 4,-
Sjokolade kr. 15,-
Popcorn kr. 10,-

To blide karar (frå venstre): Kiosksjef Tarjei Velle Skjelbostad og dagleg leiar Svein-Ivar Sætre.
Foto: Sunniva B. Heltne.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *