Travle dagar for Kamilla


Kamilla Halvorsen Kløvning har hovudrolla i årets musikal MoonWalker. Ho skildrar seg sjølv som liten, glad og kjekk, så ho synest eigentleg at ho burde bli flinkare å tenkje positivt om seg sjølv.

Ei blid, låg jente kjem spaserande mot meg. Vi har avtalt dette intervjuet ein dag i førevegen. Det er vanskeleg å få tak i Kamilla, ho har så mykje å gjere. Då ho endeleg kjem, er det vanskeleg å finne eit rom. Alle er opptekne, fulle av musikkelevar som øver. Vi finn oss til slutt eit lite grupperom, og set oss ned.

Eg startar med å spørje om ho synest det er skummelt å ha hovudrolla. «Ja», svarer ho raskt. «Fordi det er så mykje som blir lagt på meg, føler eg. Og så må du på ein måte leve deg veldig inn i rolla for at det skal bli bra. Det er eit stort press på at du må gjere det bra, liksom.» Dei blå augene hennar møter mine. Ho ser roleg ut, avslappa. Det verkar ikkje som om ho er spesielt nervøs over tanken på at om mindre enn ei veke skal ho stå på scena foran 400 mennesker, men ho er det.

Tidleg interessert
Interessa for musikk har Kamilla hatt heilt sidan ho var lita og song i kor, men det var ikkje før på ungdomskulen det for alvor blomstra opp. «Mot slutten av ungdomskulen var det aldri nokon tvil om at det var musikklina eg ville byrje på, eigentleg. Men interessa for drama kom i grunnen ikkje før eg starta på musikklina, og fekk vere med på musikalane, og slik. Men fortsatt føler eg at det ikkje er heilt mi greie, difor blir det ekstra vanskelig og krevjande no i musikalen»

Kamilla har to storebrødre. Den eine av dei har også vore elev ved musikklina i Volda. «Kanskje det at broren min gjekk på musikklina, fekk meg til å ville byrje også?» Ho seier at interessa for musikk ikkje har komt frå foreldra. «Det har liksom, berre kome av seg sjølv. På ein måte.»

Liten, glad og kjekk
Eg spør henne om ho kan seie tre ord som skildrar henne. «Oj. Eg veit ikkje» seier ho. Ho fiklar med genserarma, medan ho tek seg lang tid å tenkje. «Kjekk og grei? Eller.. dette var eit vanskeleg spørsmål» ler ho. «Som liten brukte eg alltid å skrive i dagbøkene til folk at eg var liten, glad og kjekk, og ja. Det er eg vel enda, på ein måte. Ja.» Ho ler litt sjenert. Dreg handa gjennom håret sitt.

Kva er dine negative sider? «Det var eit litt enklare spørsmål» Ho ler. «Hm, eg kan veldig fort bli sånn fnisete. Og ein ting som kanskje er veldig negativt med meg er at eg tenkjer veldig negativt om meg sjølv. Eg er er veldig pirkete på meg sjølv, ofte. Kanskje eg skal begynne å sjå litt meir positivt på meg sjølv?» For meg verkar Kamilla som ei jordnær og søt jente, å tenkje negativt om seg sjølv ser eg ingen grunn til. Ho ser litt sjenert ned i bordet, løftar blikket. Og smiler.

Godt samarbeid
Eg lurer på korleis det er å arbeide med Simen, som har den andre hovudrolla i musikalen. Ho ler litt, seier ho har fått det spørsmålet mange ganger før. «Og det er like vanskeleg å svare på det kvar gang.» Ho pustar tungt ut. «Men jo, det går veldig fint! I starten var det litt uvant, vi kjende ikkje kvarandre, og slik. Eg var usikker på korleis det kom til å bli, men det har vist seg å vere veldig enkelt å jobbe med han. Eg tenkjer ikkje så ofte på at han er to år yngre, fordi han tek det så proffesjonelt,» seier ho og smiler.

I starten var Kamilla litt tvilande til kombinasjonen Michael Jackson og vampyrar, men seier at ho trur dei kjem til å klare det bra. «Michael Jackson-songar er veldig krevjande å synge, eigentleg. Så det er ein stor jobb å meistre songane. Spesielt for vokalistane. Men no når vi nærmar oss premieren ser og trur eg at vi kjem til å fikse det, og det kan bli kult.»

Og det er ikkje meir enn nåkre dagar att til ho får sjå resultatet. Då er nemmeleg den store premieredagen her, og MoonWalker skal entre scena ved Ørsta kulturhus.

Ingrid Beate Foldal

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *