Kjetil Eiksund har vore med på alle musikalane til Volda vidaregåande skule. Foto: Noa Gjerseth

Heilt frå starten har han vore ein av lærarane i orkesteret. I år var tjuetredje musikalen Kjetil Eiksund ikkje fekk sett.

TEKST OG FOTO: Noa Sebastian Skaare Gjerseth

Musikalen er over. Meir enn 100 elevar og lærarar sto på scena på slutten av kvar framsyning og tok i mot velfortent applaus frå foreldre, ordførarar, rektorar og andre tilskodarar.

LES OGSÅ: Vakkert, grasiøst, sjarmerande, dramatisk og tankevekkjande

Mange elevar på musikklinja fekk roller midt på scena eller i koret som alle i salen kunne sjå, men ei gruppe elevar og lærarar som ikkje var like mykje i rampelyset var orkesteret. Dei var gøymde bak sceneteppe, papp og veggar, tett samanpakka bakerst på scena.

I orkesteret sitt mellom anna læraren Kjetil Eiksund. Han er den einaste læraren som har vore med på ALLE musikalane på Volda vidaregåande skule. Dette vil då og seie at han aldri ha sett musikalen frå publikum.

LES OM PUBLIKUMS RESPONS PÅ PREMIEREN: Imponerte over musikalen

Kvar musikal har han hatt plass bak scena og spelt.

– Det er jo litt rart då. Ein får jo ikkje den «WOW»-kjensla som andre kollegaer får når dei sitt i salen når dei ser det, seier Kjetil.

– Men etter sosiale medium kom får eg småklipp frå besøkande, og får sjå hint av korleis det ser ut frå deira perspektiv, men vi får ikkje totalen før medielina klipper saman filmen og får vist den til oss. Men berre å vere med i prosessen og i produksjonen i lag med ungdommen gir energi det og, forsikrar han.

23 år med samarbeid

Musikalen er i dag eit samarbeid mellom Musikk, dans og drama og Medium og kommunikasjon. Det heile starta med musikklina på 90-talet. Å sitje med same oppgåva kvart år har heldigvis ikkje hatt ein negativ innverknad på Kjetil.

– Eg har vore i orkesteret i alle år, så dette er min tjuetredje musikal, seier han.

– Det er like spanande no som det var i starten, men det er klart: Frå dei første musikalane i Volda til her i Ørsta har det vore ei enorm utvikling i alt frå lyd, lys og kulissar, og samarbeidet har blitt mykje meir profesjonelt enn det var i starten. Musikalen har vokse seg mykje meir profesjonelt som total produkt, seier Eiksund.

LES OGSÅ: Mannen bak musikallyden // Jiří og papíret

Ein uortodoks musikal

Musikalen i år bryt med dei førre musikalane til musikklinja. I mange år har den hatt ei samanhengande historie med mykje dialog, men og ein del musikk. Hovudrollene var enkle å sjå og nokre var meir i rampelyset enn andre.

– Eg var litt spent i utgangspunktet, sidan musikalen braut med den tradisjonelle drama- og rolledelen, men frå den første ideen og til det Jan Terje har greidd å sydd i hop så har det kanskje blitt ein musikal som står nærare det vi på musikk er, seier han.

JAN TERJE ER MANUSFORFATTAR BAK MUSIKALEN 2019. LES MEIR HER: MANNEN MED ALLE HATTANE

– Det er musikken som står i sentrum og drama er det mindre av sidan vi ikkje har fordjuping i det. Og i lag med Medium og kommunikasjon, å setje alt saman med kulissar og alt sceniske er det den mest komplette musikalen for vår musikkline.

Held seg i ei boble

Å spele framfor hundrevis av tilskodarar kan vere nervepirande for nokon. Orkesteret spelte utan problem gjennom seks framsyningar utan problem. Dette var ikkje utan hard øving.

– Når vi i orkesteret har kome oss på plass her er det mykje fokus på orkesterrolla, og det går mykje tid på øvingar og å førebu hovudet på å skulle vere so konsentrerte i to timar. Å ha god ro i forkant er og ein del av førebuinga til dei i orkesteret, seier Kjetil.

LES OGSÅ: Hardt arbeid, men gler seg til å vise fram