Om musikalen

Pressemelding

Går på scena med filmgodbitar for miljøet

Kva skjer eigentleg med verda vår? Kva kan me gjere for å gjere den betre? Det er hovudspørsmåla når «Back to the Future – For the world’s sake» har premiere 19. februar.

* Musikalen 2018: “Cry Wolf” gjekk for fulle hus i Ørsta i februar i fjor. No flyttar historia seg frå Aha sitt univers til filmhistoria. FOTO: Åge André Breivik.

Arbeidet er i full gong med den tjuetredje musikalen i rekkja på Volda vidaregåande skule. Frå starten i 1996 har det vore fast tradisjon med musikalperiode etter jul. Kampen mot klimaendringar sit i førarsetet når Musikalen 2019 har premiere midt i februar, skriv Volda vidaregåande skule i ei pressemelding.

«Det blir ein musikal som er oppbygd litt annleis enn dei har vore siste åra«

Regissør Jan Terje Eidset

No er det musikalen «Back to the Future – For the World’s Sake» som står på programmet. Musikalen er skriven av lærarar på skulen. Ved hjelp av musikk frå filmhistoria ser ein nærare på dei klimautfordringane me har i dagens samfunn, og kva som skal til for å kome heile gjennom.

100 elevar frå Musikk, dans og drama og Medium og kommunikasjon samarbeider dei neste vekene med 15 lærarar for å få stabla musikalproduksjonen på beina. Når teppet går opp på Ørsta kulturhus 19. februar ligg det ein stor mengde arbeidstimar bak, av elevar og lærarar frå heile søre Sunnmøre.

Med musikk frå filmklassikarar som «Gudfaren», «Jungelboken» og «Tilbake til Fremtiden», blir historia fletta saman av eit manus laga av musikklina ved Volda vidaregåande skule.

– Dette blir ein musikal som er oppbygd litt annleis enn dei har vore siste åra, seier regissør og produsent Jan Terje Eidset, som likevel er heilt sikker på at dette blir ei god oppleving for publikum.

* Regissør Jan Terje Eidset: Avdelingsleiar Jan Terje Eidset er tilbake i regissørstolen for Musikalen på Volda vidaregåande skule. Her er han på scena etter sceneteppet gjekk att etter musikalen “Cream of Soul” i 2017. FOTO: Åge André Breivik.

– Musikken er veldig effektfull, og det gir oss veldig stort spelerom for å lage ei god oppleving for dei som kjem for å sjå, legg han til.

Tidlegare musikalar

Mimre attende til våre tidlegare musikaloppsetjingar gjennom plakatgalleriet nedanfor. Du kan også sjå dei rikhaldige nettsidene frå dei seks siste musikalane: 2018 | 2017 | 2016 | 2015 | 2014 | 2013 (P.S. Tidlegare nettsider er forenkla med WordPress sin standardbunad, og ser difor ikkje sameleis ut som då dei var aktive).