Premieren på «Back to the Future – for the World’s sake» baud på mange visuelle inntrykk tysdag kveld. Foto: Ida Amalea Furseth.

Det sa rektor Trond Hjelseth etter at premieren på «Back to the Future – for the World’s sake» var over.

TEKST: Kamilla Skaar Berg

Klokka 19.30 gikk premiera av stabelen på Ørsta kulturhus, og stemninga var som tidlegare år, skyhøg.

Back to the Future – for the world`s sake er navnet på årets musikal og den tek for seg problematikken rundt global oppvarming. Dette skal formidlast ved hjelp av sangar henta frå filmens verden.

Velkjende slagerar som My heart will go on, Footloose og Bare necessities er nokon av dei ein får høyre. Vi er innom både aude islandskap og dramatisk skogbrann. I tillegg kan vi på fleire tidsunkt sjå mange Donald Trump-karakterar svinge seg på parketten. Regissør og produsent for årets musikal er Jan Terje Eidset.

LES OGSÅ: MANNEN MED ALLE HATTANE

Det finst ikkje ueinigheit når ein spør publikum kva tankar dei har gjort seg opp om premieren. Det er rett og slett einstemmig om at musikalepremieren var fantastisk, og kommentarane frå sjåarane kjem på rekkje og rad.

– Vi kjem neste år og!

– Dei digitale kulissen gjorde verkeleg heile musikalen.

– At det går an å få til ein musikal på dette nivået i vesle Volda er rett og slett fantastisk.

Konklusjonen må nok vere at premieren var storarta og kanskje enda betre enn ein kunne ynskje.

Sander Elias Andersen på fiolin og Julijane Vasbotn Remmereit bidrog med klassisk stemning på scena. Foto: Tor Haug Svendsen.

– Det var vakkert, det var grasiøst, det var sjarmerande, det var dramatisk og det var tankevekkjande, sa rektor Trond Hjelseth, då han var første ut til å gripe mikrofonen og få fortelle kva han følte om det heile. Han var mektig imponert over det elevane hadde fått til.

– Eg vil påstå at den versjonen de fekk fram av Donald Trump var betre enn den versjonen vi kjenner frå før, seier rektoren ved Volda vidaregåande skule.

LES OGSÅ: – Den beste produksjonen hittil!

Varaordføraren i Volda, Sølvi Dimmen  og ordførar i Ørsta, Stein Aam var og kraftig imponert og ikkje minst stolte over det som blei framført. Dei la vekt på orkesteret, dei fantastiske solistane, koret.

I tillegg var alle imponert over dei digitale kulissene som heva showet på ein god måte. Sølvi Dimmen var helder ikkje langt frå gråten når ho skulle fortelle om kor imponert ho var.

Elevane konkluderer sjølve med at dei er nøgde med premiera og at den gjekk slik ein ønskte. Alle er klare for ei veke full av hardt arbeid, men ekstremt mange gode minner og eit eventyr av ei musikalveke.

Du kan framleis få billettar til dei neste framsyningane på nettsidene til Ørsta kulturhus.