Bakgrunn frå scene 18: Into the West. Laga av Jasper Grenager Longva. Foto: Ståle Hansen.

Viss du har sett musikalen “Back To The Future – for the world’s sake”, då har du sett det. Den spesielle scena og det rare papiret som kan minne om ei grotte. Då har du sikkert lurt på kvifor det er slik?

TEKST: Jasper Grenager Longva

Jiří Nagy er mannen bak papiret på scena i kulturhuset i Ørsta. Han er scenograf og er då ansvarleg for lys og scene for musikalen 2019. Han har jobba med Volda vgs sine musikalar sidan musikalen Be Our Guest i 2015. Han har og jobba med videoprojeksjon i 17 år og er vaktmeister på kulturhuset i Ørsta. Kona Renata Nagy Vynikalova er dansepedagog og movement director og jobber med musikkelevane som skal vere på scena under musikalen

– Eg blei kontakta av Jan Terje, regissør, produsent og assisterande rektor ved Volda vgs og vi byrja å planlegge scena, seier Jiri.

LES OGSÅ: MANNEN MED ALLE HATTANE

Saman med Håvard Krøvel-Velle planla han korleis scena ser ut med alt papiret. Jiří tenkte at scena måtte sjå organisk ut og ikkje symmetrisk slik som i fjor, der det var firkanta boksar og slikt på scena.

Jiri arbeidde hardt med å lage kulissene til Musikalen 2019. I tillegg styrte han lyset under musikalen. Foto: Jasper Grenager Longva.

– Det var fordi temaet for musikalen var miljø og at vi må ta vare på jorda vår, seier han. Han kom opp med idéen om papir og papir blei det. Då vart ikkje scena symmetrisk, men heller meir naturaktig.

«Shutdown modus»

– Eg brukte 14 dagar på å bygge scena og henge opp papiret, fortel han. Det gjorde han heilt sjølv. Planlegginga byrja han med i september. Han fortel at dei fire siste dagane han bygde scena hadde han våre våken og gjort siste finish og ikkje sove.

Han fortel at kroppen gjekk i noko han kalla “shutdown modus”. Det viser berre kor masse folk gjer for musikalen og resultatet blir fantastisk. Han fortel også at han planla “kvart minutt” og programmerte lys heilt fram til 20 minutt før premieren.

SJÅ KORLEIS PAPIRET VART SJÅANDE UT: Kulissegalleri

Når du legg ned so masse arbeid for noke so må det bety noke og ha en indre betydning. Jiří fortel at scena forestiller ei auge der øvre del av auga er himmelen og nedre er jorda, der menneska går.

Jiří styrte lyset under Musikalen 2019. Foto: Jasper Grenager Longva.

Scene som eit auge

Augelokke/himmelen er holdt oppe av nokre bjelkar og viss ikkje menneska er forsiktige så kan bjelkane velte og himmelen fell ned. Det er det som er filosofien bak scena seier Jiří.

– Det over ein halv kilometer lange papiret var spesialbestilt med Clas Ohlson og er vanskelig å bruke opp igjen, seier Jiří.

For Jiří har ein filosofi om at han skal bruke opp igjen scenene han bygger, men det er vanskelig når det gjeld papir. Papiret vart henta med ein spesialbil og skal resirkulerast etter musikalen.

LES OGSÅ: Kvifor treng koret oppvarming?