Kristoffer Nes Trandal spelar bass i orkesteret som sit gøymd i mørket bak scena. Foto: Sunniva Langdal Hovde

Allereie kl. 09.00 på ein laurdagsmorgon, berre tre dagar før premieren, er orkesteret, lærarar og nokre medieelevar i full gang med å bære inn utstyr og rigge opp alt på scena.

Tekst: Sunniva Langdal Hovde // Foto: Kamilla Skaar Berg og Sunniva Langdal Hovde

Instrument, forsterkarar, mikrofonar og anna nødvendig utstyr er på vei inn til Ørsta Kulturhus der musikalen, «Back to the Future – for the World´s sake» skal bli vist for første gang på tysdag.

Gler seg til å vise fram

Kristoffer Nes Trandal er eit av medlemmane i orkesteret, og spelar bass. Dette er hans siste musikal, og sjølv om han gler seg til å framføre det dei har øvd på i fleire månadar, seier han med litt latter at det blir deilig å bli ferdig med den stressande perioda dei er inne i no. Han gler seg til tida framover, og trur det blir spennande å oppleve nye ting. Likevel syns han det er trist at det er den siste musikalen han får bli med på.  

Kristoffer følgjer ivrig med på informasjonen som vert formidla i den stressande tida. Foto: Kamilla Skaar Berg

Lang dag med rigging og lydprøver

Sjølv om rigginga tek mykje tid og energi, meiner Kristoffer at dei har kontroll både på rigginga og på alle sangane dei skal kunne til premieren. Han seier at det er nokre avslutningar som ikkje sit heilt som dei skal, men at dei skal terpast på heilt fram til premieren.

– Så langt har rigginga gått veldig bra, men det blir ein lang dag. Rigging og lydprøver tek lang tid. Det er masse bering og ting som skal på plass på scena. Det er kjekt, til tross for at det mykje arbeid, fortel Kristoffer.

Bandet i år er mykje større enn tidlegare med sine elleve medlemmar, og det er ein av grunnane til at alt er litt meir jobb denne gongen. Alle skal vite når dei skal starte, kva dei skal spele til kva tid og korleis det skal gjerast.
F

Orkesteret sit i skjul bak scena, og det er mange som kanskje ikkje legg merke til dei, bortsett frå nokre av dei som har eigne soloar framme på scena. Men Kristoffer meiner dei får den merksemda dei fortener.

– Vi har lange dagar, og legg ned ekstremt med arbeid for å lære alle songane og alle detaljane som er der. Sjølv om vi sit litt i bakgrunnen føler eg at folk legg merke til oss, og at dei skjønar at det er vi som spelar musikken, avsluttar Kristoffer.

Nokre av medlemmene i orkesteret som tek pause frå rigginga. Foto: Kamilla Skaar Berg