Bakerst i mørket sit Sverre Walderhaug og sørgjer for god lyd til musikalen. Foto: Halvor Øvereng

– Det er frykteleg kjekt, seier Sverre Walderhaug som står bak lyden til musikalen.

Tekst: Daniel Pilskog Homberset // Foto: Halvor Øvereng

Det viktigaste elementet i musikalen er definitivt lyd. Dei som får mest fokus er elevane, men dei kunne ikkje ha klart det utan folka bakerst i kinosalen. Ein av dei personane er Sverre Walderhaug. Han har hjelpt til med musikalen i fleire år. Sverre sit bak miksebordet med fargerike lys og mange knappar når elevane framfører.

– Akkurat no programmerar vi alle mikrofonane i miksebordet, sier han. Det er pause og det har nettopp vore ein gjennomgang av musikalen.

– Vi skal lage ei liste der eg skrur av og på dei mikrofonane vi skal og ikkje skal bruke. Eg styrer med lydkanalar og mikrofonar, legg han til. Med 128 mikrofonar og lydkanalar, er det mykje å halde styr på for Sverre.

Det er mange mikrofonar og lydkanalar å halde styr på.

– Det er mykje arbeid, det kan du trygt seie. Det er vanskelig, men det skal vi få til! Som lydmann kan Sverre mykje om lyd, og meiner at godt utstyr er viktig for å få god lyd.

– Og ei god kjelde, lyden som kjem inn i mikrofonen burde vere bra og ein må vere ganske god til å mikse det etterpå så det blir ein balanse, legg han til.

Lang erfaring

– Eg har halde på i…17 år, fortel han etter å ha tenkt seg om. Sverre har ikkje gått på Volda vidaregåande sjølv, han begynte å hjelpe til litt seinare. Men sjølv om han har vore her så lenge er han enno ikkje lei.

– Det er frykteleg kjekt, det er veldig høgt nivå på alle som er med. Det har alltid vore veldig flinke elevar på skulen og det gjer at det er gøy å halde på og kjekt å komme tilbake. Kjekke lærarar og godt miljø, fortel Sverre.

Sverre synest musikalen verkar lovande og at det blir nok ei ny høgde i år.

– Temaet er veldig interessant, det er veldig tidsaktuelt, eg synest det er bra dei tek opp dette. Eg gler meg veldig, og kjem tilbake neste år, heilt sikkert! avsluttar han.