Jan Terje har mange hattar og hendene fulle. Foto: Ida Amalea Furseth.

– Eg blir ikkje lei ansvaret, seier Jan Terje Eidset. Tysdag er han nok ein gong klar som regissør for ein Volda-musikal, men han er ikkje berre regissør. Jan Terje er mannen med alle hattane.

Tekst: Ida Amalea Furseth og Kamilla Skaar Berg

– Du er  både regissør, produsent og assisterande rektor, er det då noko vi har gløymt?

– Eg er manusforfatter, avdelingsleiar for Medium og kommunikasjon, Musikk, dans, drama og Kunst, design og arkitektur, svarer han.

Jan Terje formidlar intenst sine visjonar for digitale kulisser til grafisk gjengen. Foto: Natalie Johannsen Øvrelid

Jan Terje Eidset er mannen med alle hattane. Han må sjonglere lange skuledagar, hektiske øvingshelger og ei krevjande musikalperiode med det daglegdagse liv.

Fyrste øvingshelg

– Okey alle saman, då byrjar vi! Er de klare?

Jan Terje ropar for å få futt i gjengen som står spent å ventar.

Fyrste helga i februar: Det er tidleg på søndag, fyrste øvingshelg, hundrevis av menneske er samla i festsalen på Volda Vidaregåande. Det er eit salig kaos av både musikkelevar, medieelevar, lærarar og instruktørar. Saman skal dei alle fullføre ei øvingshelg proppfull av informasjon og ting å huske på.  

LES OGSÅ: Musikalen tek form

Jan Terje er ganske roleg, noko svært få hadde vore hadde dei vore i hans posisjon. Han vandrar rundt i festsalen, mens han nyt ein kopp kaffi og bevegar seg litt i takt med musikken som står på.

Etter kvart er det på tide å leggje frå seg koppen og starte å arbeide. Han er innom danseinstruktøren for å snakke om eit par scener, lyd- og lysansvarleg for å forsikre seg om at koret står rett plassert, og til slutt står han sjølv og vurderer om scena er sett saman på rett måte.

– Eg likar å ha mange ballar i luft fordi det gir meg energi og ein moglegheit å bruke både kreativiteten og kompetansen min, seier Jan Terje.

Jan Terje Eidset tek i mot applausen etter premieren på «The Cream of Soul» i 2017. No er han tilbake som regissør, manusforfattar og produsent, som i 2017. Foto: Åge André Breivik

Bevegar seg litt i det skjulte

Det er kanskje ikkje så openlyst at han har alle dei rollene han har, for han bevegar seg litt i det skjulte. Det er lett å merke at han er regissør, men om ein fyl med får ein med seg ein heil del andre oppgåver. Han er fleire gongar innom lydoppsettet bak scena og justerer det. Seinare er han innom medielærar Håvard for å sjå kva som blir filma, før han hoppar ned frå scenekanten for å justere litt på dansekoreografien. Fleire gongar ropar han korleis ting skal gjerast og ber om meir innleving. På eit tidspunkt går han og pratar i telefon medan han går gjennom nokre ting på koransvarleg Siv sin PC og kommuniserer med ein av solistane. Han er overalt.

– Det kjekkaste med prosjektet er at eg får komme nærare elevane, fortel Jan Terje.

Ettersom Jan Terje er avdelingsleiar for tre liner på skulen, fortel han at det er naturleg at han sit med så mykje ansvar i musikalen. Mykje av arbeidet går hand i hand. Han har jobba hjå Volda vidaregåande sidan 2006, og vore med på alle musikalane sidan då. Han sit med mykje erfaring og kunnskap om musikalar, ettersom han har hatt medverknad på både manus, produsering og regi på mange av dei tidlegare.

LES OGSÅ: Sjå musikalen før alle andre

Travel mann

Ein skulle tru at ein mann som er så travel aldri fekk slappa av. Men Jan Terje er litt annleis skrudd saman enn kva majoriteten er. Han trivast med å ha fleire ballar i lufta, og finn avslapping i andre aktivitetar. Når han skal slappe av handlar det meir om å få tankane på andre ting enn det vanlege, som å stå på ski på fjellet eller spele i bandet han har starta.

– Avslapping for meg er å ha noko å gjere, fortel Jan Terje.

Musikalframsyningane skjer på rekke og rad i veke 8. Dette er ei hektisk og krevjande veke som stiller store krav til alle involverte. Jan Terje er spent og gler seg til å sjå resultatet av alt det harde arbeidet.

Etter at musikalsirkuset er over, tek elevar og lærarar vinterferie. For den assisterande rektoren blir den ikkje like lang, men han ser likevel fram til sceneteppet går att.

– Det blir godt med vinterferie, avsluttar han.