Laurdag sparka koret i gong den fyrste øvingshelga før musikalen «Back to the Future – for the world’s sake». Her kan du sjå video om korleis dei ligg an.

– Eg seier sikkert det same kvart år, men eg meiner me ligg godt an, seier dirigent Siv Kristin Aurdal.

Tekst og video: Åge André Breivik // Reporter: Maren Vassbotn

Denne helga var det øvingshelg for musikalgjengen på Volda vidaregåande skule. Laurdagen starta med koret, som har ein del att, sjølv om dei ligg godt an.

LES OGSÅ: Flott og effektiv korøving

– No er det viktig at alle kjenner kva ansvar dei har for si stemme, fortel dirigenten.

Du kan sjå video frå øvinga øvst i dette innlegget.

Hugs at du kan kjøpe billettar på nettsidene til Ørsta kulturhus, eller ved å bruke lenkene i dette innlegget.