Ein ekstremt konsentrert Johannes held eit godt tak på Karina. Foto: Tor Haug Svendsen

I årets musikal er variasjonen høg og det er mange ulike dansar som skal framførast. Ein av dei er tango.

Tekst: Kamilla Skaar Berg

Johannes og karina er i gong med trening på løft. Foto: Tor Haug Svendsen

Dei to som har fått den utfordrande oppgåva å framføre ein tango er Karina Straume og Johannes Falk Davidsen.

LES OGSÅ: No opnar billettsalet!

Det har vore mykje spenning knytt til å skulle lære seg ein heilt ny dans og ikkje minst ein ny dansestil. Nye trinn, ny musikk og ein dansepartnar. Ein eigen dans er eit stort ansvar og det har dei to musikkelevane utan tvil tatt på alvor.

Danseøvingane byrja ikkje før fredag 18. januar, men Johannes og Karina var allereie godt i gong. Dei fekk nemleg høyre at det byrja eit tangokurs i Volda nokre veker tidlegare, og der var dei på plass.

Her er det berre glede

Dei har vore på tangokurs tre gongar og bitt seg litt merke i kven andre som er på tangokurset. Der er det nemleg par og sambuarar i alt mellom 25 og 60 år. Også Johannes og Karina. Uansett kven andre som er på kurs gler dei seg iallfall veldig til å framføre det dei har jobba med til musikalen. Dei fleste gruar seg nok ein del, men her er det berre glede.

LES OGSÅ: Dansing med klask og dask i golvet

Det er openbart mykje glede når Karina og Johannes går på øving. Foto: Tor Haug Svendsen

– Vi veit veldig lite, men eg skal vere livet og Johannes skal vere døden, fortel Karina.

Men kva betyr det for dei som skal sjå det?

– Eg har iallfall svart bukse og raud skjorte, også har Karina kvit kjole, konkluderer Johannes før han bryt ut i latter.

Han er litt usikker på kva denne dansen eigentleg går ut på, men at det skal bli bra til musikalen er det ikkje tvil i.