Lurer du på kva MK-elevane gjer under musikalprosjektet? Her får du eit lite innblikk.

VIDEO: Kanskje får du eit svar her!

Video: Ida Amalea Furseth (reporter) og Natalie Johannsen Øvrelid (foto).

Veit du eigentleg kva rolle Medium og kommunikasjonslinja har under musikalen? Du ser kanskje ikkje så mykje av dei under førestillingane, men bak ein musikal er det utruleg mykje forskjellig som skjer.

Fram til, og i løpet av, musikalveka står MK på. Dei jobbar hardt og effektivt for å komme i mål med alle dei forskjellige oppgåvene. MK har eit stort ansvar for å dokumentere, reklamere og produsere innhald for musikalen.

LES OGSÅ: – Noterer de?

Elevane jobbar med mykje forskjellig, og er delt inn i ulike arbeidsgrupper. Det er alt i frå scenekulisser, foto, fleirkamera og dokumentarfilm. Dei gjer sitt yste for gjer musikalen til den beste opplevinga for alle.

LES OGSÅ: No opnar billettsalet