Frå Aha til filmverda: No kan du skaffe deg billett til Musikalen 2019! (Foto: Åge André Breivik, Volda vidaregåande skule).
BILLETTSLEPP: Bli med på ei reise gjennom miljøutfordringane me står overfor, når «Back to the Future – for the world’s sake» kjem til Ørsta kulturhus.
Frå 29. januar klokka 19.00 kan du kjøpe billettar på Ørsta kulturhus sine nettsider.
Musikalen er den 23. i rekkja av musikalar frå Volda vidaregåande skule, og er eit samarbeid mellom Musikk, dans, drama og Medium og kommunikasjon. Om lag 100 elevar frå dei sju kommunane på søre Sunnmøre er med i produksjonen.
Musikalen 2019 handlar om dei miljøutfordringane me står overfor, og tek med seg musikk frå filmhistoria inn i dette temaet.
Nytt av året er at du i år kan kjøpe billett til førpremieren 19. februar klokka 11.30. Det er få billettar i sal til denne framsyninga.
Billettane finn du her:
- Tysdag 19. februar kl 11.30 (Førpremiere)
- Tysdag 19. februar kl 19.30 (PREMIERE!)
- Onsdag 20. februar kl 17.30
- Onsdag 20. februar kl 20.30
- Torsdag 21. februar kl 17.30
- Torsdag 21. februar kl 20.30
For å få med deg relevant informasjon fram mot musikalpremieren, kan du følgje Musikalen 2019 på Instagram under brukarnamnet musikalenvoldavgs, og på Facebook (søk etter Musikalen).
Du kan også følgje oss her på musikalen.no, og få med deg saker om orkesteret som sit bakarst på scena, koret som alltid løftar musikalen, dansarane eller elevane som lager kulisser.
