Øvingane til musikaldansinga er i full gang. Her frå Festsalen på Volda vidaregåande. Foto: Hannah Leite Sætre

– Rullinga var klask og dask. Eg er ikkje fan av dansing på golvet, ler Sara og Louise.

Tekst: Maren Vassbotn og Ida Oline Skeide //

No er det under ein månad igjen til premiera og andre øving med dans er i gong. Øvinga finn stad i festsalen ved Volda vidaregåande skule, der dei riggar vekk kino-stolane for å få større golvareal. Stemninga er god, læraren korrigerer, elevane fokuserer og dei har det kjekt. Sjølv om øvinga er tung og utfordrande, sit latteren laust.

– Det er mykje å huske på. Hovudet må vere i ei bestemt retning, blikket må vere rett og ikkje minst må ansiktsuttrykket passe, fortel Louise Engeseth og Sara Dyrhovden.

Sara Dyrhovden og Louise Engeseth er to av dei som skal danse under Musikalen 2019. Foto: Hannah Leite Sætre

– Utfordrande

Sara og Louise er to av dansarane frå 3MU som skal danse eit koreografert nummer i musikalen Back to the future – for the world’s sake.

Dansarane ligg godt an, med tanke på at det berre er deira andre øving. I nummeret dei øver på skal dei òg ha med seg tre songarar på scena. Dei er derfor med på øvinga for å få sine instruksar om kvar dei skal vere. Dansarane og songarane jobbar godt ilag, det er bra kommunikasjon og det ser veldig ryddig ut.

– Det er utfordrande når vi ikkje har dansa på lenge, vi kjenner at det er hardt for musklane, seier Louise Engeseth.

Louise og Sara nøler litt om kva favorittrinnet deira er.

– I vertfall ikkje rullinga, seier Sara.

– Det var berre klask og dask i golvet, tilføyer Louise. Dei er samde om at dei likar meir dansing med action, der dei får sparke i lufta og gjer raske steg.

God stemning, det er fletting i gong. Foto: Mathilde Heggen Listou

– Lurt å filme

Der er fleire dansenummer i musikalen, men Sara og Louise har berre ein dans å lære. På andre øving har dansegruppa allereie lært nesten alle trinna, men det er vanskeleg å halde takta med songen sidan det er ein roleg song og raske steg, spesielt når dei har haude på golvet og skal gjere trinn synkronisert.

Då har dei som hjelpemiddel og føle seg fram og høyre på songen. Andre frå dansegruppa har fleire dansar dei må øve til so dei har mykje foran seg.

– Ein god måte å lære seg dansen er å filme alle trinna og sjå over etterpå, seier Sara Dyrhovden.