Sander Elias Andersen er ein av musikarane som er med i musikalbandet i år. Foto: Tor Haug Svendsen

– Vi har eit godt samarbeid, og eit miljø der det er lov å gjere feil, fortel Tiril Høydal i orkesteret.

Tekst og video: Tor Haug Svendsen og Benedikte Fagerhol Vartdal

I dei to brakkene utanfor Volda vidaregåande, betre kjend som “musikkbingane”, er det full aktivitet om dagen. Ikkje mindre enn elleve elevar og eit knippe lærarar er stua saman her.

Orkesteret har ein omfattande jobb framfor seg, så det gjeld å vere fokusert. Her kan du få høyre litt om kva elevane sjølve tenkjer om det som ventar dei.

LES OGSÅ: NO OPNAR BILLETTSALET!

I ei brakke ved Volda vidaregåande sit orkesteret og øver på sin del av Musikalen 2019. Video: Tor Haug Svendsen og Benedikte Fagerhol Vartdal