Djup konsentrasjon blant gutane. Foto: Mathilde Heggen Listou

Tekst og foto: Hannah Leite Sætre, Benedikte Fagerhol Vartdal, Halvor Øvereng og Mathilde Heggen Listou //

No har øvinga til musikalen begynt for fullt. Nokre av elevane frå 2MK fekk observere koret under ei øving.

Koret, som samlar både første-, andre- og tredjeklassingane, er allereie godt i gong med øvinga. I løpet av to og ein halv time kom dei gjennom heile sju av songane som skal framførast under Musikalen 2019. Her øvde dei på duettar og stemmebruken til koret.