Heile grafisk design-gruppa samla rundt bordet saman med regissør Jan Terje Eidset. Foto: Natalie Johannsen Øvrelid

Tekst: Kamilla Skaar Berg og Mari Holstad Hauge //

Det er framleis ei stund til premiere på musikalen, men medielinja er allereie i gong med planlegging. Tirsdag 15. januar inviterte Jan Terje og Håvard til eit møte med temaet om digitale kulisser.

Grafiskgruppa set saman eit langbord i midten av klasserommet. Her skal dei sitte å diskutere korleis dei ulike kulissene skal sjå ut. Jan Terje “produsent og regissør av musikalen” og Håvard “lærar for grafisk design” styrer møtet. Jan Terje byrjar å spør om gruppa veit kva det innebærer å lage kulisser, dermed er møtet i gong

Jan Terje forklarer ivrig det han har sett føre seg. Foto: Natalie Johannsen Øvrelid

«Noterer de?»

Spørsmålet over kjem frå produsent Jan Terje i det alle forlet bordet for å finne ting å notere med.

Det skjer mykje forskjellig i årets musikal og det blir enda viktigare at dei digitale kulissene er godt gjennomtenkte. Dei skal skape ei eiga stemning i dei ulike scenene. Kontrasten på kulissene skal være stor, fordi ein går frå å vere i verdsrommet til å vere midt i den varmaste ørkenen til å vere i det kaldaste land.

Jan Terje går nøye gjennom dei ulike scenene og korleis han tenkjer stemninga skal vere. Dette må grafiskelevane rulle vidare på for å kome fram til dei beste løysingane.

Ei av scenene skal gå føre seg i ein ørken. Då er det ulike ting som er vesentleg å ha med for at folk skal forstå at det er der dei er. Elevane kjem med forslag som sand og lite folk, Jan Terje konkluderar med at dette heilt klart er ting som må med.

Amanda Holstad Ramstad noterer det Jan Terje forklarar. Foto: Mathilde Heggen Listou

Skal teste i miniatyr

– I morgon skal vi bere miniatyrscena opp til øvre bygg og lage forslag til kulisser, seier Håvard.

Dette er ei etterlikning av scena i mindre versjon. Amanda Holstad Ramstad er ein av elevane på grafisk design, og ho fekk oppgåva med å gjenskape scena ved hjelp av papir, tre, teip og fiskesnøre. Amanda vart litt skeptisk når ho fikk vite om dette.

– Men det var kjekt å få gjere noko praktisk som ikkje har med datamaskin å gjere, seier ho.