Magnar Sunde gler seg til musikalen «Back to the Future – for the world’s sake». Foto: Ida Amalea Furseth

Tekst: Ann-Katrin Moldskred Holen og Mari Holstad Hauge // Foto: Ida Amalea Furseth //

– Det er imponerande det de får til, seier Magnar Sunde. Han er ein av dei som gler seg til Musikalen 2019.

Musikalen i år er noko annleis frå åra før. Der den tidlegare har fortald ei samanhengande historie, er den i år bygd opp på ein litt annan måte. Klimaet er i endring og utslepp av drivhusgassar aukar. Ein drivhusgass som mange kjenner godt til er CO2. Desse klimaendringane påverkar både vêr og menneske, og det er nettopp dette Musikalen 2019 handlar om.

Voldingar har god erfaring med kva musikalen går ut på, og Helga-Elin Nordbø Halck er ei av dei.

– Ja, eg har sett fleire. Eg såg den i fjor, den med aha-låtane. Og så såg eg vel ein anna gong også, eg huskar ikkje heilt om det var den med Queens-låtane. Denne generasjonen dykkar er veldig flinke til å formidle.

Magnar Sunde er også imponert.

– Eg har sett to musikalar. Imponerande kva de får til, seier han.

– Den siste såg eg i fjor. Då trur eg at dei prøvde å få med mange hovudroller i musikalen. Men på den for to år sidan såg eg at det var mange som stod i koret og slapp litt lite til. Men elles er det jo imponerande det de får til, fortel Magnar Sunde.

Helga-Elin Nordbø Halck veit også kva det dreier seg om når ein snakkar om musikalar, ho har nemleg laga musikalar sjølv. Ho synest at Medium og kommunikasjonslinja og Musikklinja ved Volda vidaregåande skule er kjempeflinke.

– Eg synst det er veldig kjekt og eg har sjølv halde på med musikalar tidlegare. Volda vidaregåande er kjempeflinke, det er veldig imponerande, seier ho.

Viktig tema

Marte Nesfossen synast Musikalen 2019 retter merksemd mot eit viktig tema. Foto: Ida Amalea Furseth.

Det er fleire som synast at temaet om klimaendringane er eit viktig tema å fremje og opplyse om. Marte Nesfossen og Magnar Sunde meiner det er noko alle burde setje meir fokus på.

– Eg synst det er veldig fint at de rettar merksemd mot det, det er veldig viktig og eit viktig tema. Det er noko alle burde fokusere meir på, seier Marte Nesfossen.

– Det at den er om klimaendringar, det er veldig fint, for det er veldig aktuelt. Eg trur jo at desse klimaendringane er noko som er alvorleg for oss no. Og noko vi kan påverke. Så derfor er det fint at musikalen tek opp eit sånt tema som gjer at fleire blir bevisste på det, seier Magnar Sunde.

Temaet verkar viktig for mange, men ikkje alle meiner at desse klimaforandringane er menneskeskapte.

– Temaet er heilt sikkert bra. Men det er no mange meiningar der då. Så nokon seier at det berre er naturen som endrar seg. Men det er eit veldig viktig tema å ta opp, det er det, fortel Jon Inge Halkjelsvik.

Vil gjerne få med seg musikalen

– Det hadde vore interessant å sjå musikalen, seier Jon Inge Halkjelsvik. Foto: Ida Amalea Furseth.

Sjølv om det både er nokon som har sett musikalar frå før, og nokon som ikkje har gjort det, er alle einige i ein ting.

– Ja, det hadde vore interessant å sett musikalen, svarer Jon Inge Halkjelsvik.

– Eg kunne tenkt meg å sett musikalen. No er eg litt inhabil fordi eg har to døtre som er med i musikalen, så det er hovudgrunnen til at eg ser den. Men elles er det ein musikal og eit godt tema som eg gjerne vil sjå, fortel Magnar Sunde.

– Ja. Det er litt langt å reise, men eg ville sett den på grunn av tematikken, seier Marte Nesfossen.

– Eg har ei jente som går på ungdomsskule som likar slikt, så ho vil sikkert også sjå den, avsluttar Helga-Elin Nordbø Halck.