Følg timane før generalprøva LIVE!

Tysdag 16. februar kl. 1100 kan de følgje dei spanande timane og minutta før sceneteppet går opp på generalprøva. Våre journalistar, Hannah og Ingrid, vil sitje klar med kvar sin laptop og blogge direkte frå kulturhuset i Ørsta. Som publikum kan du følgje med på bloggen, og ikkje minst delta ved å sende inn spørsmåla dine undervegs. Kanskje du kjenner ein elev på musikklinja, og lurer på om vedkomade greier seg bra? Eller kanskje du lurer på kor stressa regissør Jan Terje er når tida for å få alt på plass er i ferd med å renne ut? Skriv inn spørsmåla dine direkte på live-bloggen, og få svar med det same! *

* Med atterhald om tekniske problem.

NB! Hjelp oss å spre ordet og invitere folk til å delta! Det gjer du enkelt ved å klikke på «Del på Facebook-knappen« nedst i dette innlegget.

Ser du ikkje live-bloggen? Då kan du opne den i eige vindauge her.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *