David og Celice under musikalen. Her ser vi Jiří sitt arbeid med lys. Foto: Elisabeth Steinnes

Gjennom ein musikal er det svært mykje som skal være på plass, til dømes skal både lys og lyd vere riktig og kome på rett tidspunkt. Der ligg det mykje arbeid bak.

Tekst: Brian Dale

Sverre Walderhaug er lydteknikar, og har ansvaret for lyd under musikalen i år. På bordet sitt har Sverre omlag 100 liner med lydkjelder.

Lydmann Sverre Walderhaug. Foto: Åge Andre Breivik

– Det er veldig viktig med erfaring når ein jobbar med lyd, og eg har arbeidd som lydteknikar i om lag 15 år, så det hjelper veldig på. Det er mykje å ha kontroll over, og du må lukkast i å arbeide med alle rundt deg, og jobbe i ein heilskap, svarer han.

– Du må kjenne atmosfæren

Det er mykje som skal på plass til ei framsyning, og det er Sverre veldig klar for.

– Det har gått veldig bra, vi har god kontroll og det går veldig fint. Så no blir det spanande å kome i gang med dei aller siste framsyningane, sa han, midt i musikalveka.  

Ein annan med stort teknisk ansvar er Jiří Nagy. Jiří er tilsett ved kulturhuset og arbeider som driftsoperatør. I tillegg arbeider han som dramalærer på Høgskulen i Volda, og er utdanna operaregissør. Jiří har ansvaret for lyset under musikalen. Også her ligg det mykje arbeid bak, og mykje skal stemme. Det krev mykje fokus.

– Det viktigaste når ein arbeider med lys er at du må ha fullt fokus, du må kjenne til atmosfæren i scena, og prøve å skape stemning med lyset, seier Jiří.

Lysmann Jiří Nagy. Foto: Brian Dale

To månader med lysprogrammering

Det er utruleg mykje lys som skal opp til musikalen, og som skal kobpast til riktig før framsyningane.

– I alt er det om lag 40 lyskjelder som skal opp på musikalen. Eg har arbeidd med musikalen her sidan laurdag, då var det opprigging og å gjere seg klar. Men, i alt har eg arbeidd med programmering i to månedar no, legg han til.

Fredag 16. februar gjekk siste framsyning av musikalen av stabelen, tusen takk til alle dykk som har fulgt oss. Vi vil framleis legge ut saker her, så følg med vidare. For meir oppdateringer om kva me driv med, følg oss gjerne Facebook og Instagram.