Daniel Pedersen Aanonsen og Lars André Kalvatsvik Olsen har ansvar for kulissene i musikalen «Cry Wolf». Foto: Camilla Opshaug Lund

I festsalen sit ein gjeng fra 2MK og arbeider med digitale kulisser til framsyninga av musikalen Cry Wolf. Det nærmar seg premiere.

Tekst og foto: Camilla Opshaug Lund og Carina Holen

Håvard Krøvel-Velle er læraren som har ansvar for dei digitale kulissene. Foto: Carina Holen

Daniel Pedersen Aanonsen og Lars André Kalvatsvik Olsen er årets ansvarlege for avviklinga av dei digitale kulissene.

Dei jobbar med å legge inn bilete, lyd og video som er sette opp i ei planlagt rekkefølge. Dette blir mata inn i programmet “MadMapper”. Etter mykje redigeringsarbeid og finpussing er det til slutt dei sjølve som styrer heile sulamitten gjennom ein manuell miksar.

– På musikalen nyttar me ein teknikk som vert kalla «projection mapping». Til det nyttar me eit program som gjer at ein kan projisere på spesifikke flater, ein er ikkje avgrensa til eit klassisk flatt og firkanta lerret, seier lærar Håvard Krøvel-Velle.

Han fortel vidare at om ein vil projisere på ein rund konstruksjon, så kan ein opprette eit «virtuelt lerret» som treff akkurat denne forma.

– Dette gjer at bilete, film, animasjon og visuelle effekter kan brukast på veldig fleksibelt vis, seier Håvard.

Daniel Pedersen Aanonsen er ein av dei to elevane som har ansvar for kulissene i musikalen «Cry Wolf». Foto: Camilla Opshaug Lund

Digitale kullisser

Det er ikkje så mange fysiske kulisser når Volda vidaregåande skule set i gong. I staden er det projiseringane på bakveggen som gjer at me flyttar oss frå stad til stad gjennom historia.

– Når vi fekk oppdraget hadde vi fleire tankar, fortel Daniel Pedersen Aanonsen.

– Nokre idear vi kom med var litt tåpelige, og nokre var eigentleg veldig gode. Regissør Vibeke Bech har siste ordet, men det var for det meste vi, elevane, og læraren vår, Håvard, som fant ut korleis det skulle sjå ut, seier Daniel.

– Utfordrande

I tillegg til kulissene jobba Lars i tida før premieren med lydeffekter til musikalen.

Prosjektoren er avgjerande for kulissene i Volda vgs-musikalen. Foto: Carina Holen

– Eg føler eg kanskje har tatt på meg litt for mykje ansvar, seier han lattermildt og viser fram kva han har kome fram til.

Han fortel det er utfordrande å finne ut heilt spesifikt kva ein skal ha på scena, ettersom det er mange ting ein må hugse på.

Begge fortel at det har vore veldig gøy og ikkje minst lærerikt. Ein må takle stress godt, multitaske som ein helt, og alltid jobbe med finpussing.

– Vi ventar ein stappfull sal, seier Daniel.

 

  • Sjå stemningsrapportane frå årets musikalveke: #1 // #2 // #3 // #4 // #5 

 

«Cry Wolf»: Dette møtte publikum når musikalen starta. Foto: Camilla Opshaug Lund