Sander Bjørkedal spelar rolla som David i «Cry Wolf». Tre veker før premieren mista han stemma. Foto: Jens M. Myklebust

Ein av dei vi møter i musikalen “Cry Wolf” er David, spelt av Sander Bjørkedal. David er blant hovudrollane, og dei vi ser aller mest av.

Tekst: Alvin Hammer og Jens M. Myklebust

Nokre veker før premieren på musikalen vart Sander desverre sjuk, og har møtt på utfordringar. Sander har dei siste vekene vore stemmelaus, og fikk dermed ei stor utfordring under musikalen. Likevel føler han at det har går greit.

– Det har eigentleg gått helt greit. Sjølvsagt er det litt kjipt å ikkje få synge, men det har gått fint, seier Sander.

Sander sine songar har altså blitt tatt over av musikklærer Gunnar Sigve Aurdal. Medan Sander spelar rolla på scena, sit Gunnar i orkestergrava og syng. Han er også kapellmeister for orkesteret i musikalen.

– Eg vart veldig glad når eg fekk rolla som David, så sjølvsagt er det litt kjipt. Det har gått heilt fint, og framsyningane går eigentleg betre og betre, seier Sander. 

 

  • Sjå stemningsrapportane frå årets musikalveke: #1 // #2 // #3 // #4 // #5

 

Fredag 16. februar var NRK Møre og Romsdal på besøk, då siste framsyninga av Cry Wolf vart framført. Du kan sjå innslaget deira om Sander og Gunnar her.