Det er mange som har mykje å førebu seg på før premieren av musikalen, mellom dei er trommis Bendik Hustadnes frå 3MU.

Tekst: Synne Dimmen

Bendik ser fram til ei kjekk musikalveke og har store forventningar til årets musikal.
Foto: Victoria Helde

Til årets musikal er det rundt 30 songar å lære seg, noko som krev ein god del øving. Hustadnes fortel at det er veldig mange synkoperte(planlagte) slag, noko som er spesielt for musikken dei brukar i år. I tillegg er musikken litt avansert, så det er mykje tid og energi som blir lagt i når han skal setje seg inn i alle songane, og lære kvart einaste slag. Noko av det første trommisen må lære seg er oppsettet på songane, vers og refreng, når dei som står på scena skal synge.

 

– Eg klarer å høyre songen og lære rytmen og slaga kjapt, men for å få det heilt perfekt og feilfritt øver eg mykje. Eg vil sjølvsagt få det så perfekt så mogleg, seier han engasjert.

 

Bendik er ikkje heilt sikker på kvifor han vart interessert i å spele tromme, men fortel at då han var liten brukte han å ha små trommekonsertar for familien. Ein god del av fritida bruker han på å spele trommer og høyre på musikk, men også å vere med vener, smiler han.

 

– Då eg var liten brukte eg å finne fram kasseroller og steikepanner, legge dei på kjøkkengolvet og late som det var eit trommesett. Eg likte veldig tidleg å berre slå på ting, ler han.

 

Kor mykje tid trommisen brukar på å spele varierer. Som oftast speler han trommer minst ein time kvar dag, der han leikar seg og spelar det han vil. Før premieren på Ørsta kulturhus 14. februar, blir mykje av tida brukt på å øve på songane som skal bli spelte i musikalen.

En spent Bendik Foto: Victoria Helde

For at alt skal spele så bra så mogleg, må mykje øving til. For Bendik er det bandøvingane som er viktigast, sjølv om det også er viktig å øve mykje heime. Det er meir utfordrande og vanskeleg å vere heilt samspelte, og treffe på slaga samtidig, seier han før han skal til å gå på ei av dei mange bandøvingane før premieren av musikalen “The Cream of Soul”.

 

Dette er den siste musikalen for Bendik og forventningane er sjølvsagt store. Musikkeleven fortel at han ser fram til premieren og er spent på å sjå korleis sluttresultatet blir.

 

– Du får ei spesiell stemning. Ei musikalstemning! Eg trur det blir ei veldig gøy og kjekk veke. Alle står på, og er fokuserte på å gjere musikalen best mogleg. Eg gledar meg veldig til å spele trommer, smiler han.

 

For augneblinken har ikkje Bendik planar for neste år. Kanskje høgskule, eller kanskje det blir eit år med jobbing og spele trommer, seier han. Sjølv om trommisen ikkje er sikker på kva som står for tur etter vidaregåande, kjem han til å halde fram med musikken og spele trommer, og han fortel at han har tenkt å satse på musikken.

 

– Eg har faktisk ei samling av knekte trommestikker heime. Eg veit ikkje kor stor den er, men eg trur det i alle fall er over 50 stykker, kanskje meir enn det også. Bunken er i alle fall stor, smiler han, og fortel at han har mista tellinga.

 

Bendik i action på bandøving.
Foto: Silje Birkhol