Nå er det hennes tur til å skinne

Nora Aurdal har full kontroll over tonane. Foto: Silje Birkhol

Bobby kommer inn. En utrolig skuffet Mari finner seg ikke i det han nettopp har sagt. “Move, move, move right out of my life!” Hun dytter Bobby og nekter å ha noe med han å gjøre. Hun stjeler showet med soloen sin og er ikke redd for å treffe de høye tonene.

Hald fram med å lese «Nå er det hennes tur til å skinne»

Høgtsvevande kor!

Fv: Vanessa, Emilie og Kaisa er klare for musikalen. Foto: Victoria Helde

For første gong skal koret i musikalen stå høgt oppe. Dette er den første musikalen koret blir ståande på eit stillas gjennom heile forestillinga, og mange er spente på korleis dette blir.

Tekst: Synne Dimmen

Vi har forflytta oss frå Volda vidaregåande skule til Ørsta kulturhus og dei siste øvingane er no i gang. Noko som er nytt for årets musikal er eit stillas, som koret skal stå på.

Emilie Follestad, Vanessa Solvåg Løvold og Kaisa Velle Ulvestad frå 2MU er tre av dei som skal stå i koret under årets musikal. Dei fortel at dei først var redde og tenkte at stillaset kom til å falle ned, men etter at musikklærar Kjell Dale hadde sagt det var trygt, rekna elevane med at det ikkje var noko å uroe seg over.

– Lærarane har sagt at det er scenestillas, så det er meint til å vere på ei scene og skal tåle så mange folk, ler Emilie.

Dei tre jentene synes det er annleis å stå på stillas enn det er å stå på scena, som dei har gjort året før. Når dei dansar og røyrer på seg merkar dei godt at stillaset bevegar seg. Sidan det er bygd opp på scena er det naturleg at det viglar litt. Dei står tett på kvarandre og må passe på korleis dei står slik at dei ikkje skubbar dei som står ved sida av.

– Det er ikkje mykje plass når vi står der så mange ilag. Det er vanskelig å bevege seg, noko som er litt problematisk sidan vi skal vere eit engasjert publikum i eit par songar, og vi skal danse og bevege på oss, fortel Kaisa.

Når dei står oppe på stillaset høyre dei nesten ingenting. Det blir spennande for dei å høyre korleis det høyrast ut på video, sidan dei ikkje høyrer mykje når dei står der oppe. Dei er også spente på korleis det høyrast ut for dei som sit i salen. Sidan dei står så høgt oppe, blir det også veldig varmt på grunn av lyskastarane som steiker som ei sol rett over dei.

– Eg skal stå i trappa sidan det ikkje er plass til heile koret på stillaset. Det er litt dumt at ikkje alle får stå oppe på stillaset, men eg er glad for å stå i trappa sidan det er så trangt der oppe, smilar Vanessa.

Regissør Jan Terje passar på at koret går mot høgare mål. Foto: Victoria Helde.