I helga var musikkelevane samla på Volda VGS for si første gjennomkøyring av musikalen 2017. Her fekk dei ein betre kjensle av kva det er dei må øve meir på før musikalen brakar laust neste veke!
Tekst: Silje Birkhol
Frå tidleg på føremiddag til seint på ettermiddag gjekk dei gjennom scene for scene.
Medieelevane ved Volda VGS var også på plass for å dokumentere og forberede seg på den hektiske veka som står for dør.
Alt i frå dansarar, songarar, lærarar og kostymeansvarlege var samla i festsalen for å sørgje for at brikkane sakte men sikkert fell på plass.
Elevane møtte opp klokka 11.00 søndags føremiddag. Foto: Silje Birkhol
Musikkelevane er godt i gong med oppvarming inne i kantina. Foto: Silje Birkhol
Det er Siv Kristin Aurdal som har ansvar for oppvarminga. Foto: Silje Birkhol
Kaja Rode gir alt i ei av dei første scenene. Foto: Silje Birkhol
Ruben Madsen og Anna Lee Grimstad følgjer godt med på
musikkelevane, slik at dei er klare for å filme heile showet neste veke. Foto: Silje Birkhol
Yngvil Birkeland gjer siste finpuss på kostyma medan elevane syng
og dansar. Foto: Silje Birkhol
Heidrun Sunde Stokke er ein av dei mange førsteklassingane som
skal danse i årets musikal. Ho likar eigentleg alt med musikalen, men ho gruar seg litt til å
danse, for det må gjerast rett! Foto: Silje Birkhol
Kjartan Van Dijk Festøy har leita fram celloen for å skape litt
magisk stemning! Foto: Silje Birkhol
Runar Finnøy er omringa av dansarar. Foto_ Silje Birkhol
Jekeziahrem Villanueva har fått på seg finstasen i ei av dei siste
scenene. Foto: Silje Birkhol
Regissør og manusforfattar Jan Terje Eidset måtte sjølv gå inn i ei
av rollene på grunn av sjukdom. Foto: Silje Birkhol