“Han veit korleis rolla hans er, men det er sjølvsagt viktig at vi også veit det”, seier Silje Birkhol. Ho veit kva som må til for å få skodespelarane sine karakterar i live gjennom eit bilete.

Tekst: Josefine Karen Fredriksen

Det er mørkt i rommet, alt utstyr er stilt opp og blitsen går i gang. Det er ein måndag ettermiddag og medieelevane har førebudd seg på at karakterane frå musikalen skal ta sin entré inn i fotostudio.

Fotografering pågår. Foto: Victoria Helde

Silje Birkhol har ansvar for fotografering av skodespelarane, framsyningane og backstage på musikalen sine show. Ho må lese mykje gjennom manus for å leve seg inn i rollene og finne ut korleis dei skal posere.

– Når eg skulle ta bilete av den første skodespelaren så spurte eg han først “korleis er oppførselen til den karakteren du skal vere?” og då sa han at han alltid har eit smil om munnen. Dei veit jo sjølvsagt sjølv korleis rollene dei har skal oppføre seg, men vi søker alltid etter inspirasjon på nettet for å finne liknande positurar vi har lyst til å ta bilete av.

I dag er det ein utplukket elev frå musikk som skal bli tatt bilete av, noko som seinare blir til ein stor del av musikalen 2017. Brosjyrar, plakat og andre rekvisittar skal bli produsert av elevane på media og kommunikasjon, slik at musikalen blir så profesjonell som mogleg og viktig informasjon blir gitt ut.

Medan fotograferinga pågår lever alle seg inn i sin eigen karakter; både fotografen, assistenten og skodespelaren. Latteren fyller rommet.“Kva skal eg gjere no?” kjem det spørjande frå skodespelaren.“Du kan kanskje prøve noko anna no?” Skodespelaren sitt ansikt lyser opp “karakteren min ville definitivt ha smilt!”

 – Det er eit veldig tett prosjekt så man blir godt kjent med mange på musikklinja. Det er liksom sånn at ein går derifrå med eit smil, fordi det er dritgøy å få jobbe med musikalen og elevane frå musikklinja.

Eit lite glimt av karakteren som blir fotografert. Foto: Victoria Helde