Dansarane til årets musikal øver mykje for å få alle trinna på plass. Her kan du sjå ein kort video frå øvingane.

Tekst og video: Lisa Bendal og Thea Berge Baastad

All øving til musikalen er godt i gong. Oppe i festsalen på øvre bygg er det mykje liv og røre med danseøvingar. Stemninga er god, og alle er fokuserte på å lære dansane skikkeleg, sjølv om det er vanskeleg til tider.

Her får du eit lite glimt av danseøvingane.