Maria Standal Digernes (t.v.), Carina Holen, Camilla Opshaug Lund og Oda Sundnes Warholm har laga video som skal visast under Musikalen 2018. Foto: Elisabeth Steinnes.

Det seier Carina Holen, som har vore med på å lage video til Musikalen 2018.

Tekst: Truls H. Sætre

Testfilminga er i gong. Foto: Truls H. Sætre

Prosjektet er veldig omfattande, og kvart år er ei av dei store utfordringane tid. Tett før jul gjekk 2MK1 i gong med å gå gjennom manus, songar, også forskjellige roller vi elevane kom til å ha i produksjonen.

Musikalprosjektet er eit samarbeid. Medan Musikk står for det som skjer på scena, jobbar Medium og Kommunikasjon med dei digitale kulissane som skal designast, testast, og projiserast i bakgrunnen. Nokre har i oppgåve å jobbe med artiklar og reportasjar, medan andre igjen lagar filmsekvensar som skal inn i Musikalen 2018.

– Veldig kjekt

– Det er veldig kjekt og lærerikt å jobbe med musikalen så langt, men sjølvsagt har det vore ei stor utfordring, seier Carina Holen.

Ho er ei av dei som står bak videoen.

Ein av tinga som skil dette prosjektet frå andre skuleprosjekt, er at dei no jobbar for ein regissør, ein produsent, og fram mot eit produkt som skal framførast.

– Det har heldigvis vore både spanande, lærerikt, og artig å jobbe med prosjektet likevel, seier Carina.

Carina Holen er ei av dei som står bak ein av videosekvensane i årets musikal. Foto: Elisabeth Steinnes

Ho synest at samarbeidet har vore godt, og at dei har møtt utfordringane på ein smart og effektiv måte. Ei av dei største utfordringane deira har vore å få logistikken til filminga til å gå opp. Kven som kan filme på kva dag, når, og så vidare.

Filminga ein liten bit av arbeidet

– Det har også vore ei utfordring å få godkjende alle ideane vi har kome på, sidan dei skal gjennom ein regissør som stiller høge krav, fortel ho.

I tillegg har sjølvsagt den korte tida vore ei mangelvare. MK-klassa startar fyrst etter jul med sitt intensive musikalarbeid. Her skal både planlegging, filming og redigering gjennomførast. Carina er overbevist om at filminga ikkje utgjer ein stor del av det totale arbeidet med musikalen.

– Eg trur at meir enn 60 prosent av arbeidet skjer anten før eller etter filminga, seier ho.

No gler ho seg mest til å kunne sjå noko som ho har vore med på å lage sjølv.

Billettar til «Cry Wolf» finn du på Ørsta kulturhus sine nettsider.