Johannes Kristiansen er ein av elevane som er med i orkesteret i år. Her under øving i musikkbingane på Volda vgs. Foto: Pia Rogne Notøy

Johannes Kristiansen og Kristoffer Trandal frå musikk er begge med i årets musikalorkester. Begge to stortrivast i orkesteret og det blir knytt sterke bånd mellom dei og lærarane som er med.

Tekst: Nathanael Nordahn

Johannes Kristiansen seier det er veldig godt å få vere med på skulearbeid som skil seg ut. Denne dagen skil seg frå vanlege skuledagar ved at dei øver i musikkbingen i seks timar.

– Det er kjekt at musikalen er så populær. Det viser at vi gjer ein god jobb. Det hadde ikkje blitt nokon musikal utan oss, seier han.

Kristoffer Trandal spelar i orkesteret under musikalen «Cry Wolf». Foto: Pia Rogne Notøy

Saman med han i orkesteret finn vi Kristoffer Trandal. Han synast det er utruleg kjekt å få spele med så mange dyktige folk. Det Kristoffer synast er aller gøyast er å få spele bass i orkesteret.

– Samhaldet og den felleskapen som blir skapt i løpet av desse vekene er magisk. Vi får eit annleis vennskap til dei andre på musikklinja, og ikkje minst lærarane, i forhold til ei vanleg klasse, trur Johannes.

– Eg var litt skeptisk i starten til om vi kjem i mål, men etter dagens øving ligg vi faktisk veldig godt an, seier han.

Elevane er ikkje heilt einige når det gjeld høgdepunktet med å vere med i orkesteret. Johannes tykkjer det beste med å vere i orkesteret er dei elendige vitsane til lærarane under øvingane.

– Det blir ofte litt tull og tøys. Og ikkje minst å få vere med å spele på konsertar, seier han.

– Det aller beste med å spele i orkesteret er å få spele bass, seier Kristoffer.

Begge to seier at det står att litt øving før dei kan alt til musikalen «Cry Wolf».