Ludvik Brune Leikanger i djup konsentrasjon under korøving. Foto: Nathanael Nordahn.

Sitatet kjem frå Ludvik Brune Leikanger, ein av 66 elevar som er i musikalkoret under “Cry Wolf”. Fyrsteklassingen seier det er veldig kjekt å få vere med på noko så stort og bra.

Tekst og foto: Nathanael Nordahn

Ludvik Brune Leikanger frå 1MU gledar seg til musikalen 2018! Foto: Nathanael Nordahn

– Det er veldig høgt nivå på alle måtar, så dette gler eg meg til, fortel han.

– Og det er noko med atmosfæra når dette skjer. Ein går litt vekk frå skulearbeid og bøker, seier Ludvik.

Ludvik seier at han ikkje kan alle dei 19 songane enda. Men sidan dei ikkje har øvd så mykje endå, reknar han med at det kjem etter kvart.

– I forhold til tidlegare år ligg dei ganske godt an no, seier Siv Kristin Aurdal.

Ho blir ekstra motivert etter kvart som dei øver, og dess betre kan dei det til premiera og musikalveka.

– Men det står også igjen mykje arbeid, seier Siv.

Siv Kristin Aurdal som er leiar for koret gler seg kvart år til dette store høgdepunktet! Foto: Nathanael Nordahn

Dirigenten seier det er et stort privilegium å møte så mange elevar.

– Å få vere med alle saman til eit endeleg produkt som dei lagar ilag, det er gøy. Å forme det musikalske. Koret er jo veldig viktig for at musikalen skal bli komplett, både musikalsk og det som skjer på scena, seier ho.

Ludvik gler seg til dei neste åra med musikalen. Han håpar å få vere med i bandet i dei komande åra, sidan han liker det betre enn å synge.

Han trur og håper at songane vert veldig bra.

– Det er heilt sjukt eigentleg, seier Ludvik heilt til slutt, og smiler.

Musikalen «Cry Wolf» har premiere på Ørsta kulturhus 13. februar. Du kan kjøpe billettar på nettsidene til kulturhuset. Følg oss gjerne på Facebook og Instagram