Musikkelevane fekk ei innføring i scenekamp på Høgskulen førre veke. Instruktør Ørjan Stensvik heilt i høgre biletkant. Foto: Brian Dale

Musikk, replikkar, dans, kostyme og slåssing. Det er mykje som skal på plass før «Cry Wolf» får premiere.

Tekst og foto: Brian Dale

Midt i januar kom skodespelar og frilansar Ørjan Stensvik for å leie scenekampkurs for musikkelevane.

 – Fall må være realistisk, planlagt og riktig gjennomført, viss ikkje kan ein risikere store skadar i føter, og bein, seier kursleiar Ørjan Stensvik til elevane. 

I ein sal på Høgskulen var åtte elevar fra musikklinja på plass, saman med kursleiar Ørjan Stensvik. Elevane som var til stades skal øve på slag, hopp, fall og rull. To av hovudrollene var til stades saman med seks medelevar. 

Det var svært viktig å være påpasseleg under desse scenene. Kursleiar Ørjan informerer elevane om kor lett det er å skade seg, og at teknikken er avgjerande for at det skal bli riktig.

Under ligg eit biletgalleri frå denne øvinga.