Musikalen og Dei Gode Hjelparane

Lyd og lys er sjølvsagde element i Musikalen, men kven passar eigentleg på at det går slik det skal? Møt Sverre, Magnus og Ole-Martin.

TEKST: Åge André Breivik, Fagkoordinator Medium og kommunikasjon

–  Det er å jobbe med ungdom som gir meg mest, seier lyddesignar Sverre Walderhaug frå Lydkjelleren. Han er ein av dei som løftar Musikalen frå skuggane bak i salen.

– Noko av det eg har likt best heile vegen er å jobbe med unge oppkomande artistar. Det gir meg veldig mykje, seier han.

Lyddesignar Sverre Walderhaug har vore med på Musikalen sidan 2007. Foto: Åge André Breivik, MKVolda

Det gir han så mykje at han har vore med på musikalprosjektet heilt sidan «Ringaren» i 2007. Som fast lyddesignar har han også sett korleis nivået har auka, og sett unge musikarar kome og reise vidare i karrieren.

2007: Ringaren

LES MEIR: Plakaten frå Ringaren ser du til høgre. Sjå arkivet av musikalplakatar heilt tilbake til starten i 1997 her.

– No har eg vore her så mange år at mange av dei artistane og musikarane har eg fått gleda av å jobbe med mange år etterpå. I Rotlaus kjem tre av dei frå bandet her i Musikalen. Eg møter dei igjen, og skal jobbe med dei på nytt. Det er veldig gøy, seier han.

I løpet av dei 18 åra med musikal er det mykje som har endra seg, frå år til år, med type musikk og tema. Likevel er det mykje som er kjent.

– På lyd er det mykje det same som tidlegare år, men det er kanskje litt lettare i år. Det er mindre å gjere med bandet i år. Det er ikkje så massivt, det har brukt å vere meir.

Alltid konsentrert, alltid profesjonell, alltid hjelpsom. Lyddesignar Sverre Walderhaug leverer alltid det som skal til under Musikalen. Foto: Åge André Breivik, MKVolda

Lyd frå 120 forskjellige kanalar kjem inn i miksaren, og skal formast til det lydbildet du opplever i kulturhussalen.

Nokre mikrofonar er kabla opp og lagt på plass til dei som er i koret. Andre kanalar blir brukte til instrumenta i orkesteret. Andre igjen er trådlause og samla på bakrommet.

Lyddesignar Sverre Walderhaug styrer lyden frå heilt bakarst i kulturhussalen. Foto: Åge André Breivik, MKVolda

Jobbar i det skjulte

– Det verste er eigentleg dersom ein mikrofon manglar, og eleven som skal ha den blir sett ut av det, seier Ole-Martin Iversen.

Han har vore med som scenearbeidar på Musikalen dei siste åra.

– I år er det 12 myggar og 4 handhaldne mikrofonar. På ein dag der det er ei framsyning er ikkje dette eit problem, men når me har to framsyningar er det slik at me byrjar sjå på om me må bytte batteri halvvegs gjennom andre framsyning, fortel han.

Ole-Martin Iversen har kontroll på det som skjer på scena under «Hello Goodbye». Foto: Åge André Breivik, MKVolda

Logistikken til scenearbeidaren går mellom anna ut på å få rekvisittar inn og ut av scena til rett tid, passe på at mikrofonar har nok straum, og at dei ligg på rett stad til rett tid.

– Det er betre når eg har mykje å gjere. Blir eg sitjande stille for lenge byrjar eg bli rastlaus, seier Ole-Martin.

Mikrofonane på bakrommet ligg klare til bruk på scena. Foto: Åge André Breivik, MKVolda

Han er ikkje synleg under framsyningane, men jobbar i det skjulte for at jobben til skodespelarar og andre på scena skal gå så smertefritt som råd.

I nokre scener går mikrofonar inn på ei side og kjem ut att på den andre. I ei scene i «Hello Goodbye» blir mikrofonen lagt att midt på scena.

– Då må ein inn for å hente den ut att i ein blackout medan også reia skal ut. Då er det litt hektisk, så om ein ikkje rekk det må ein finne ei backupløysing, seier Iversen.

Lysbrytaren

Blackout er alle stader i handlinga der scena går heilt i svart, ein jobb som høyrer til Magnus Braute frå Lydkjelleren. Han var med på sin fyrste musikal med Volda vidaregåande skule under «Hello Goodbye».

– Min jobb er å framheve det som skjer på scena. Er det kaldt og krig skal det ikkje vere varmt lys, då er det kaldt og blått, mørkt og dystert. Det er mykje der som hjelper å framheve det som skjer, seier Magnus.

Lysteknikar Magnus Braute frå Lydkjelleren var med på sin fyrste musikal på «Hello Goodbye». Foto: Åge André Breivik, MKVolda

Sjølv har han jobba mest med konsertar tidlegare, men har jobba med lys mellom anna på «Putti Plutti Pott» i Ålesund. Likevel er dette den største lysjobben han har gjort aleine.

Gjennom handlinga i «Hello Goodbye» programmerer han mykje av lyset, slik at det er ein knapp som styrer kva som skjer på scena. Men det fungerer ikkje på alt, sidan Musikalen 2024 også inkluderte scener med krig, skyting og eksplosjonar.

– Akkurat det køyrer eg live. Det er vanskeleg å time det frå ei lydfil eller live. Så akkurat dei skyteeffektane køyrer eg live, då har eg ein spake som eg kan styre intensiteten, seier han.

Lysriggen i scenetaket er berre ein del av det som Magnus styrer for å skape stemning på scena. Foto: Åge André Breivik, MKVolda

I overkant av 30 lyskastarar set lyset på dei som er på scena, frå riggar over, framfor og på sida av scena.

– I tillegg har me eit lys inne i bålet. Det er ein trådlaus kastar med batteri som me set på, fortel han.

Alt er ein del av stemninga i Musikalen, og skal klaffe saman med det som Ole-Martin Iversen leverer frå skuggane.

Frå scena til skuggane

– Så er det jo inn og ut med kulissar, springe att og fram og drive med noko skadekontroll, seier han.

Dermed er han bak scena under alle framsyningane, usynleg for publikum, og gjer jobben som varierer i omfang frå år til år.

–  «The Cream of Soul» var nok ekstremvarianten, det var ein veldig hektisk musikal. I år er det eigentleg ganske roleg, men det er meir å gjere enn i fjor, fortel han.

Ole-Martin Iversen returnerte til musikalsirkuset etter å ha spelt «Rocket Man» i fjor. Foto: Silje Birkhol Les meir her.

Ole-Martin har vore scenearbeidar på Musikalen sidan 2017, etter å sjølv ha gått ut frå Musikklinja året før. Han var med i «Moulin Rouge» (2014), «Be Our Guest» (2015) og «Goodbye Yellow Brick Road» (2016) som musikkelev.

Ole-Martin Iversen i rolla som “Rocket man”. Foto: Malin Nordby Kvamme

Siste året spelte han «Rocket Man» i Elton John-musikalen.

– Det er framleis like artig! Det er like kjekt å vere på sida av scena som framme på scena, eigentleg. Eg opplever den  musikalstemninga, det er det same som når eg gjekk her. Eg lengtar ikkje tilbake på scena, slik sett. Det er noko gøy med det også, men eg trivast godt i den rolla eg har no, seier han.

Fargespel

«Hello Goodbye» handlar om eit land i krig, der mange er redde for å bli sende ut, og der dei som blir sende i krigen er usikre på om dei kjem att. Ei historie som ligg tett opp til verda rundt oss i 2024.

For lysteknikaren må ein tenkje annleis då enn når ein jobbar med konsertar.

– Det er veldig mykje meir kunstnarisk, og det er viktigare å heve fram personane på scena på ein annan måte enn på ein konsert, seier lysteknikar Magnus Braute.

Magnus set stemninga på scena med lysa sine. Foto: Åge André Breivik, MKVolda

Han liker godt det han fekk sjå i Musikalen 2024.

– Den er veldig, veldig fin.  Eg liker godt historia. Det er ekstremt kult å sjå folk på scena, korleis dei jobbar og korleis alt heng saman. Eg synst det er dritgøy å gjere musikalar. Det blir så sterkt, alltid!

Respekt

– Høgdepunktet mitt? Det er «Let it Be», seier Sverre bestemt.

Av alle The Beatles-nummera som vart framført under showet var han ikkje i tvil om kva for eitt som er høgdepunktet.

– Den har alt. Den har veldig bra solistar, den har eit kor i storform, og den har eit band som spelar veldig bra. Den har eigentleg alt. Heile den sekvensen. Og ikkje minst har den ein nerve som gjer at du blir rørt av den. Du blir treft av bodskapen og prestasjonane, og av alt. Den er sterk, seier han.

Som lyddesignar får Sverre kome med tilbakemeldingar til ungdomen på scena, og hjelpe dei med å prestere endå betre.

– Eg føler dei er veldig mottakelege, og at dei set pris på tilbakemeldingane eg kjem med. Eg prøver å vere veldig konstruktiv når eg gir tilbakemeldingar, som kanskje kan vere med på å utvikle dei endå eit par hakk til. Og at dei strekkjer seg litt lenger. Eg føler at eg har ein slags respekt der. Dei er mottakelege, og så gjer dei slik dei får beskjed om.

Samstundes har han ein stor respekt for det ungdomane på scena får til.

– Eg hadde ikkje vore her etter så mange år utan å ha respekt for dei som står på scena.


Følg oss på sosiale medium!