Om musikalen

* Bilete frå Grease-nummeret under fjorårets musikal, «Somebody to Love». Foto: Amanda Langlo Moe.

Pressemelding

Av Åge André Breivik

Krig, kjærleik og The Beatles!

13. februar er det premiere på musikalen «Hello Goodbye» på Ørsta kulturhus. Då opnar Volda vidaregåande skule dørene for den 27. musikalen i rekkja.

Musikalen 2024 er ein ny versjon av musikalen med same namn som vart framført i 2011. Musikalen er basert på filmen «Across the Universe», der musikk frå The Beatles har «hovudrolla».

– Hello Goodbye er basert på eit breidt utvalg låtar av The Beatles. Musikalen byr på live musikk, stort kor, små og store dansenummer og flotte digitale kulisser, seier regissør Marit Lid Skorstad.

Ho jobbar no med å få klar elevar og lærarar til sceneteppet går opp midt i februar.

Volda vidaregåande sin 2011-versjon av «Hello Goodbye» er skriven av noverande produsent og avdelingsleiar Jan Terje Eidset, og omarbeidd til 2024-versjonen av dagens regissør Marit Lid Skorstad.

I musikalen 2024 får vi eit møte mellom frie lokale innbyggarar og tilflyttarar frå andre stadar og andre land. Det er krigstid og fleire av dei unge menneska må bu seg på å reise for å kjempe i krigen. Dette får stor innverknad på dei unge menneska sine liv, som alle forsøker å finne meining i tilværet. Nokon vel å frigjere seg frå dei tradisjonelle normene, medan andre held fast på strukturane i kvardagen. Militæret grip inn og sender nokre av ungdommane i krigen, og dette gir grobotn for at fleire aktivt går inn for å få stansa krigen. Kva skal ein tenke og gjere når den ein elskar er i fare? Kan det kome noko godt ut av alt dette vonde, og kan samhaldet styrkast? Vi får møte unge menneske som står så godt dei kan i en situasjon med krig og ustabilitet, mens dei strekker seg mot håpet om fred og eit godt liv for framtida.

«Hello Goodbye» er eit samarbeid mellom linjene Musikk, dans og drama og Medium og kommunikasjon på Volda vidaregåande skule. Saman skaper linjene ei musikalsk og visuell oppleving som publikum kjem til å hugse.

– Manus er skrive tilbake i tid, men tematikken er dagsaktuell i eit uroleg verdsbilete. Publikum får møte unge som både vil underhalde og gi opplevingar til ettertanke, seier regissøren.

KJØP BILLETT

Musikalen blir vist fem gonger frå premieren tysdag 13. februar klokka 19.30. Dei øvrige framsyningane går onsdag 14. februar og torsdag 15. februar klokka 17.30 og 20.30.