Nyhende

Synne sin fjerde musikal

– Det handlar ikkje så mykje om korleis sluttproduktet blir, det sosiale er vel så viktig, seier Synne Bergem Lia (19) før sin fjerde musikal.

Tekst og foto: Sigurd Meek Aaslid

FRAMSIDEBILETE: Synne Bergem Lia er snart premiereklar i sin fjerde musikal ved Volda vidaregåande skule. Foto: Sigurd Meek Aaslid.

Denne saka var publisert i Møre laurdag 8.februar 2020.

Synne Bergem Lia frå Volda er ein av elevane som no snart skal i elden under musikalen Askeladden.dotcom.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Musikk, dans og drama (MU), Medium og Kommunikasjon (MK) og Kunst, Design og Arkitektur (KDA) ved Volda Vidaregåande skule. Det som er spesielt for Synne under denne musikalen er at dette er Synne sin fjerde musikal.

Kvifor den fjerde? Jo, det kan du lese meir om seinare. No skal vi bli kjent med Synne. Synne Bergem Lia frå Volda er ei jente som er glad i å både synge og danse. 

– Eg har prøvd ut fleire sportar, men eg landa til slutt på dans. Synne fortel at ho har dansa både jazzballett og HipHop før ho reiste på utveksling til Argentina. Utanom dans er det hovudsakleg song ho fokuserar på. Ho fortel at ho også kan også spele piano om det verkeleg er nødvendig, men då må det øvast! 

– Eg kan nok ikkje seie kva musikal som er best, sidan alle eg har vore med på har vore best på kvar sin måte, fortel Synne.

Musikalar

Det som er ekstra spesielt for Synne er at ho skal vere med på sin fjerde musikal i år. Ho har vore med på The Cream of Soul, Cry wolf, Back to the future – for the world´s sake tidlegare, og i år er det Askeladden.dotcom som står for tur. Synne fortel at alle musikalane har vore forskjellige og har vore best på kvar sin måte.

– Det var best skodespel, drama og regi på Cry Wolf, medan The Cream of Soul hadde best songprestasjonar. Det er umogleg å seie at ein av dei er best.

Synne fortel at under årets musikal skal ho ha ei litt meir tilbaketrukken rolle. Ho skal ha ei forteljarrolle i tillegg til at ho skal danse.

Det er Synne som set igang historia i musikalen, i rolla som forteljar. Her saman med medforteljar Invild Sunde Stokke. Foto: Andreas Myhre Holen.

-Temaet for årets musikal er bra. Eg likar at det er ei meining bak det, men at ein må leite litt for å finne den. Det blir spennande å sjå om publikum skjønar det.

Ho fortel at uansett om publikum skjønar sjølve bodskapen eller ikkje, så blir det ei gøy historie. 

LES OGSÅ: – Noko av det mest morsomme eg har gjort

Utveksling

Synne rakk akkurat musikalen i fjor, etter å ha vore borte eit år som utvekslingselev i Argentina. Ho reiste etter Cry Wolf i 2.klasse, og kom tilbake akkurat i tide til å få med seg Back to the Future – for the Worlds sake, då ho skulle avslutte 2.klasse året etter.

 – Året i Argentina var veldig gøy og minneverdig. Det var veldig gøy fordi folka var så hyggjelege, varme og inkluderande, seier Synne. 

Der var ho utvekslingselev ved ein musikkskule, så skulekvardagen var ikkje så veldig ulik den ho kjenner frå Volda vgs. Ho fortel også at faga dei hadde på skulen i Argentina var veldig like dei ho har heime i Noreg.

 – Det var mykje fokus på musikkpedagogikk og direksjon, sidan dei som var ferdig på skulen blei musikklærarar og dirigentar, fortel ho.

Sosialt

I år er Synne avgangselev, og skal vere med for fjerde og siste gong. Ho meiner det kjekkaste med musikalveka, er å vere saman med alle folka. Det er ikkje så viktig om ein har ei stor rolle eller ikkje, det viktigaste er at ein har det gøy. 

– Det handlar ikkje så mykje om korleis sluttproduktet blir, det sosiale er vel så viktig, avsluttar ho.

Musikalen Askeladden.dotcom har premiere ved Ørsta kulturhus tysdag 11.februar.