Foto: Andreas Myhre Holen
FRAMSIDEBILETE: Blir det god lyd her? Gitarist Peter Vatnøy. Foto: Andreas Myhre Holen
Når du kjem til kulturhuset for å oppleve musikalen, vil du truleg bli imponert over det musikalske nivået. Ei sentral, men lite synleg brikke i dette biletet, er musikalbandet. Dei sit gøymd bak sceneteppet i ein krok på scena, men er ikkje mindre viktige av den grunn. Gjennom dei siste vekene har dei jobba knallhardt for å få alle dei 22 låtane inn i fingrane.
Sjå deira reise frå dei første øvingane i musikkbingane, via festsalen før dei til slutt fekk installert seg på kulturhuset.
SJÅ OGSÅ: Musikal-TV – Eg er glad for å vere i orkesteret
Bandet starta sine øvingar i ein av musikkbingane på skulen. Foto: Andreas Myhre Holen. Her under leiing av kapellmeister Gunnar Aurdal. Foto: Andreas Myhre Holen Åsmund Arnesen Farstad spelar fiolin i årets musikal. Kanskje vil han også dukke på scena? Foto Andreas Myhre Holen Her er bandet kome på plass i festsalen, der alle brikkene for første gong skal setjast saman til ei heil framsyning. Gunnar Aurdal tek lydsjekk. Foto: Andreas Myhre Holen Ludvik Brune Leikanger spelar bass. Foto: Andreas Myhre Holen Henrik Solheim Stave spelar gitar. Foto: Andreas Myhre Holen Og på fløyte, lærar Øyvind Granden Berg. Foto: Andreas Myhre Holen Dramatisk piano. Foto: Andreas Myhre Holen Sigurd Ose og Svenning Veiseth har installert seg på kulturhuset. Foto: Andreas Myhre Holen Sigurd Ose i djup konsentrasjon bak sceneteppet. Foto: Andreas Myhre Holen Det er viktig å ha tunga beint i munnen og fingrane på rett plass når sceneteppet går opp. Foto: Andreas Myhre Holen Blir det god lyd her? Gitarist Peter Vatnøy. Foto: Andreas Myhre Holen Dette må bli bra! Henrik i aksjon. Foto: Andreas Myhre Holen Trommis Mathias Sæbø sørgjer for gode rytmer. Foto: Andreas Myhre Holen Synnøve Foldal Vatne er med og spelar klarinett. Foto: Andreas Myhre Holen