Nyhende

– Noko av det mest morsomme eg har gjort

Etter åtte musikalar som publikum fekk Ingeborg endelig bli med på moroa sjølv. Ho vart overraska over alt arbeidet som ligg bak produksjonen.

Tekst: Robin Leikanger Skar // Foto: Andreas Myhre Holen

FRAMSIDEBILETE: Det er veldig spanande, å setje seg inn i denne rolla er noko av det mest morsomme eg har gjort, fortel Ingeborg. Foto: Andreas Myhre Holen.

Ingeborg Frøland Ryste (18) frå Ørsta går tredje året på musikklinja ved Volda vidaregåande skule. Kvart år gler elevane seg til å ta del i ein storslegen musikal. I år har Ingeborg fått ei av hovedrollene i musikkprosjektet, ho trer inn i rolla som Rødhette.

– Det er veldig spanande, å setje seg inn i denne rolla er noko av det mest morsomme eg har gjort, fortel Ingeborg.

Ingeborg har sett alle musikalane sidan Moonwalker i 2010, og det er ingen tvil om at ho har stor glede av å få jobbe med musikalen.

– For meg har det å sjå musikalen til Volda vgs vore noko eg har gleda meg til kvart år, og det er grunnen til at eg valgte studieretning musikk, dans og drama.

– For meg har det å sjå musikalen til Volda vgs vore noko eg har gleda meg til kvart år, og det er grunnen til at eg valgte studieretninga Musikk, dans og drama, fortel Ingeborg. Foto: Andreas Myhre Holen.

Mykje arbeid ligg bak

Etter at den sangglade jenta begynte på musikklinja har ho gleda seg enda meir til musikalen, sidan ho no har erfart alt arbeidet som ligg bak det ferdige produktet.

– Eg tenkte aldri før over kor mykje arbeid det låg i bakteppet til musikalen; band, media, arrangering og kor.

Alle linjene samarbeider godt saman for å ende opp med beste produktet mogleg. Det er mange timar arbeid og planlegging som går inn i denne produksjonen. Elevane er hovedprodusent og lærarane rettleiar gjennom produksjonen.

SJÅ OGSÅ: Musikal-TV sending 4 – Eg prøver alltid å finne på noko nytt

Spennande forteljing

Det er Gunnar Aurdal som er skribent for musikalen Askeladden.dotcom, og hjerna bak det kreative verket. Faktisk er han skaperen av 11 musikalar ved Volda vgs, der han også underviser på musikklinja.

– ”Storyen” er svært spennande og ingen har høyrt den før. Vi garanterer ei handling som har både kjenslelada og humoristiske augeblikk. At vi har musikal kvart år er noko av det som gjer skulen vår unik.

Kreativt samarbeid

Askeladden.dotcom er den første musikalen som inkluderer studieretninga Kunst, Design og Arkitektur (KDA). Samarbeidet er nytt for i år sidan linja nylig såg dagens lys.  Men det åpner mange dører for kva som kan bli utført under prosjektet.

– Med tanke på at KDA er med i år har det definitivt vore forskjell frå andre år. Under musikalen er alle linjene avhengige av kvarandre, for å skape det endelige produktet. Men, publikum vil sjelden oppfatte kven som har gjort kva.

LES OGSÅ: Kreative arbeidsmaur ved Medium og kommunikasjon

KDA har laga kostymer og rekvisitter til musikalen og Medium og kommunikasjon (MK) jobber med promotering, grafisk design, podkast, musikal-tv, filmatisering og dokumentering.

– Dette er så viktig, både for korleis resultatet blir, og for at folk skal få sjå kva arbeid som ligg bak heile produksjonen.