Framheva, Nyhende, Video

Inga musikalveke utan stemningsrapport!

I helga flytta musikalsirkuset inn på Ørsta kulturhus. Der er stemninga god!

Foto og redigering: Ina Mårstøl Vinjevoll og Selma Lid.

Framsidebilete: Selma losar oss gjennom Stemningsrapport #1. Foto: Ina Mårstøl Vinjevoll.

Premieren er berre eitt døgn unna. Elevane øver og øver, byggjer og planlegg, filmar og dokumenterer.

I dag tok Selma og Ina temperaturen mellom dei 115 elevane og 20 lærarane som er med på prosjektet.

Fyrste framsyninga av Askeladden.dotcom er utselt, men du kan vinne to billettar ved å kommenter innlegga våre på Facebook eller Instagram.

Det er framleis billettar å få til framsyningane onsdag, torsdag og fredag.

Du finn billettane på Ørsta kulturhus sine nettsider. Følg oss på Facebook og Instagram for å få oppdateringar utover musikalveka.