Nyhende

Regidebut for Marit

I det siste oppløpet til musikalen Askeladden.dotcom reflekterer Marit over prosessen ho og elevane har vore gjennom. Ho gler seg til å sjå synergien som utspelar seg på scena.

Tekst: Victoria Myklebust

FRAMSIDEBILETE: Marit gler seg til at alle bitane er satt saman, og til å sjå resultatet av det elevane har øvd på i det “uendelege”. Foto: Andreas Myhre Holen

Musikklæraren Marit Lid Skorstad (32) er i år regiansvarleg på musikalen til Volda vidaregåande skule. Med bakgrunn innan song, teater, ballett og konsertskaping, vil ho kanskje tilføre nye element i den store produksjonen.

– Eg undervisar i drama på skulen, og regi ligg veldig tett på dramafaget. Drama er øving mot å spele ut på ei scene, og regi er meir planlagt drama på eit vis, seier ho. 

LES OGSÅ: – Noko av det mest morsomme eg har gjort

Nokre år tilbake i tid var voldingen Marit også elev på musikklinja. Etter uteksaminering tok ho ein lang tur til Hamar, Oslo og Kristiansand. Ho var først student, så jobba ho blant anna innan kulturskule og ballettskule, før heimlengselen tok overhand. 

– Eg fekk tilbod om å jobbe på musikklinja. Det synes eg er superstas, fordi det er ein kjekk arbeidsplass.

I tillegg til arbeidet med regi har Marit også jobba fram eit manuskript og tilpassa manus slik at det fungerer på scena. Ho samarbeider med produsent og koreograf.

– Men eg er den som har direkte kontakt med elevane; eg instruerer korleis replikkane skal seiast, kvar sceneutøvarane skal stå, sjå og gå, fortel den ferske regissøren.

– Eg er den som har direkte kontakt med elevane; eg instruerer korleis replikkane skal seiast, kvar sceneutøvarane skal stå, sjå og gå, fortel den ferske regissøren. Foto: Andreas Myhre Holen.

Tidligare har Marit vore med på mange ulike framsyningar. Ho starta med musikalar på barneskulen, Grand Prix på ungdomsskulen, musikalar på vidaregåande og diverse høgskuleproduksjonar. 

Som elev på musikklinja deltok ho på Moulin Rouge (2004), Grammatikk og Kjærleik (2005) og Broadway Story (2006).

– Når eg studerte sang på universitetet fekk eg vere med på Tryllefløyten av Mozart som korist. Eg fekk også vere med som korist i Carmen. Det er dei to største produksjonane eg har vore med på sånn heilproft liksom. Fantastisk kjekt!

No gler Marit seg til å fullstendig omgi seg med musikalproduksjonen på kulturhuset, og setje andre fag på pause.

– Eg har høyrt av dei andre lærararane at høgdepunktet kjem når alle er samla på kulturhuset. Når vi kjem oss vekk frå ordinære fag og fordjupar oss i denne produksjon som er så stor. For musikalopplevinga sit langt inne i kroppen i mange månader etterpå, seier Marit.

Songpedagogen Marit har store forventningar til premiera. Ho gler seg til at alle bitane er satt saman, og å sjå resultatet av det elevane har øvd på i det “uendelege”. 

– Alle skal ha det veldig kjekt når elevane står på scena og syng, spelar; leverar rett og slett! Eg håpar først og fremst at vi får eit enda betre samhold og fellesskap, og eg ynskjer å bli betre kjend med elevane og lærarane, smiler Marit.  

– Men vi kjem sikkert til å vere møre i kroppen på fredagen når vi er ferdige, og vi kjem til å få sove veldig godt og ha ei veldig fin vinterferie etterpå, seier ho og ler.   

Gjennom 24 år med musikalproduksjon ved Volda vidaregåande har Musikk, dans og drama (MU) elevane vore med heile vegen, og etterkvart vart Medium og kommunikasjon (MK) involverte. Nytt for årets musikal er samarbeidet med Kunst, design og arkitektur (KDA) elevane.

– For meg er det heilt nytt å oppleve dette tette og flotte samarbeidet mellom MU, MK og KDA, for det skapar utruleg mykje sterkare forestillingar når ein får kombinert alle utrykksformene. Dette er ein ressurs som ligg i skulen, ved å bruke den så blir det ein kjempeflott synergi, slik ein får mykje meir enn ein hadde i utgangspunktet.

HØYR OGSÅ:

I tillegg til arbeidet med regi har Marit også jobba fram eit manuskript og tilpassa manus slik at det fungerer på scena. Foto: Andreas Myhre Holen

Å jobbe med musikal kan vere utfordrande. Ein er litt pressa på tid, derfor må ein vere effektiv slik at ein får gjere mest mogleg innanfor gitte rammer. Kommunikasjon og felles mål er viktig.  

– Eg synes at samarbeidet har vore heilt fantastisk. Elevane tek poenga utruleg kjapt og ynskjer sjølv å gjere det best mogleg. Nokre gongar har dei enda betre forslag enn det eg kan kome med, så eg syntest dei er veldig flinke.

Tysdagen før vinterferien er det endeleg premiere på den fantastiske musikalen. Elevar og lærarar er no på plass ved kulturhuset og produksjonen er snart klar.

– Sjølvsagt er det framleis mange ting som skal på plass, men slik trur eg det alltid er. Eg har trua på at vi kjem godt i mål!