Nyhende

Billettkonkurranse Musikalen 2020!

Mannen med hattane er i godt humør, og vil gi vekk 2 billettar til premieren på Musikalen 2020! Svar på konkurransen vår, og ver med i trekninga tysdag morgon.

TEKST: Åge André Breivik, MK Volda

FRAMSIDEBILETE: Mannen med hattane, produsent Jan Terje Eidset er i det gavmilde hjørnet. Foto: Ida Amalea Furseth, Musikalen 2019.

Produsent, regissør, avdelingsleiar, gavmild og spandabel. 

Gi oss ditt beste musikalminne i kommentarfeltet på Instagram eller Facebook, så trekk me ein vinnar som får to billettar til premieren på Askeladden.dotcom kl 19.30 tysdag 11. februar. 

Du kan dermed vere blant dei fyrste som får sett den 24. musikalen til Volda vidaregåande skule. 

Forslaget må vere levert før kl 8 tysdag morgon som kommentar på konkurranseinnlegget på Facebook eller Instagram. Me trekk vinnaren og publiserer det på Facebook og Instagram tysdag føremiddag. 

Det er framleis billettar att til framsyningane på Ørsta kulturhus sine nettsider. Følg oss på Facebook og Instagram for å få oppdateringar utover musikalveka.