Nyhende

– Her var mange flinke songarar!

Puh! Generalprøva er unnagjort, og lokale ungsdomsskuleelevar har fått ein sniktitt på musikalen som publikum i salen.

Tekst: Ina Mårstøl Vinjevoll og Jorid Vårdal // Foto: Mona Våge

FRAMSIDEBILETE: Kamilla og Lone synes her var mange gode prestasjonar. Foto: Mona Våge

Det er alltid spanande å sjå om alt fungerer som det skal når det heile skal visast for eit publikum for fyrste gong. Utifrå tilbakemeldingane som kom frå elevane, ser det lovande ut.

– Her var veldig mange flinke songarar, kunne Kamilla og Lone frå Ørsta ungdomsskule fortelje.

Dei meinte her var så mange gode prestasjonar at det vart vanskeleg å velje noko favoritt.

Sunniva og Andrea, også frå Ørsta ungdomsskule, var ikkje i tvil.

– Vi likte alt best! var kommentaren deira etter framsyninga.

No er det ikkje mange timar igjen til premieren, og musikalelevane skal få seg ei god pause, før dei er klare for å ta publikum med storm. Om du ikkje har skaffa deg billett enno, bør du gjere det snarast. Dette vil du ikkje gå glipp av!