Nyhende

– Eg er veldig fornøgd med rolla mi!

PREMIEREDAG! Endeleg er dagen her! Trioen vi skal følge gjennom musikalen består av Marius Osborg (Askeladden), Ingeborg Frøland Ryste (Rødhette) og Thea Frekøy Skeide (Veslefrikk).

Tekst: Selma Lid // Foto: Andreas Myhre Holen

FRAMSIDEBILETE: Dei tre hovudrollene gler seg til å ta med publikum på ei eventyrleg reise. Foto: Andreas Myhre Holen

– Det å ha ei stor rolle i musikalen er veldig gøy, spesielt når dramalærarane er så flinke til å hjelpe oss med å komme inn i rolla. Mi rolle er ein eventyrfigur som finst frå før. Samtidig så er det ein situasjon som ho ikkje har vore i før, så derfor er det mykje å sette seg inn i, seier Ingeborg.

Marius meiner han har fått ei rolle som passar han godt.

– Eg er veldig fornøgd med rolla mi! Det er veldig gøy å vere Askeladden. Eg føler at det passar meg litt, sidan eg har litt adhd til tider, ler han.

Thea trudde det ikkje fyrst, då ho fekk rolla som Veslefrikk. 

– Fyrste tanken var; har dei tatt feil? På auditionen stod der fyrst at Veslefrikk skulle spelast av ein gut, så eg måtte spørre lærarane og høyre om dei hadde skrive feil. Når dei bekrefta det igjen, så var eg i ei slags blanding av skrekk og ekstase. Eg er ikkje den beste til å stole på eigne talent, og eg hadde ikkje forventa noka stor rolle, men plutselig så var eg nødt til å innsjå at kanskje eg må tru på meg sjølv litt meir, fortel Thea. 

Når sceneteppet går opp i kveld kl. 19.30 er dei alle klare for å ta publikum med på ei eventyrleg reise. 

Hugs å skaffe deg billett, dette vil du ikkje gå glipp av!