Nyhende

– Fullt på høgde med det beste i utlandet!

Trampeklapp, ståande applaus, jubel og tårevåte auge. Det var tett mellom dei sterke opplevingane på Ørsta kulturhus i kveld, då premieren av den 24.musikalen frå Volda vidaregåande skule, Askeladden.dotcom, endeleg var eit faktum.

Tekst: Jorid Vårdal // Foto: Ståle Hansen og Åge Andre Breivik

FRAMSIDEBILETE: Gjennom to akter har publikum fått vere med på Askeladden, Raudhette og Veslefrikk si eventyrlege reise frå den magiske eventyrverda, til ei moderne verd med nye og ukjende utfordringar. Foto: Ståle Hansen

– Dette var fullt på høgde med det beste i utlandet, proklamerte varaordførar i Volda, Sverre Leivdal etter premieren. Han samanlikna prestasjonane på kulturhuset i kveld med storproduksjonane i West End, London, og var mektig imponert over det han fekk oppleve. 

– Det er utruleg imponerande kva elevar og lærarar ved Volda vgs får til år etter år. Eg bøyer meg i støvet! sa Leivdal. 

Kulturhussjef Janne Skarstein kunne fortelje at “musikalveka” – som har blitt eit eige begrep, er noko ho ser fram til kvart år, og ynskjer Volda vidaregåande skule hjarteleg velkomne tilbake i mange år framover.

– Tusen takk for nok eit fantastisk show, sa Skarstein. 

 Det var tett mellom dei sterke opplevingane på Ørsta kulturhus i kveld. Foto: Ståle Hansen.

Gjennom to akter har publikum fått vere med på Askeladden, Raudhette og Veslefrikk si eventyrlege reise frå den magiske eventyrverda, til ei moderne ukjend verd med realitystjerner, influensarar, nettroll og fake news. Etter at eventyrverda ikkje lenger får den merksemda ho treng for å overleve, er krona til prinsessa i ferd med å miste krafta si, og kongeriket deira er nær ved å forsvinne for godt. Oppdraget dei har fått er å finne ei ny krone som kan erstatte den gamle. Utfordringane på vegen står i kø for dei tre eventyrheltane våre – klarer dei å finne krona til slutt? 

Dei tre hovudrollene er spelt av Marius Osborg som Askeladden, Ingeborg Frøland Ryste som Raudhette og Thea Frekøy Skeide som Veslefrikk. Dei kler rollene sine svært godt, og er akkurat så naive og godtruande som eventyrfigurar skal vere. Historia blir formidla med hjelp fengjande låtar frå popmusikken. Det er tett mellom godbitane, og du får høyre låtar som Queen Of All Queens, Sucker Punch og Uprising og eit mektig kornummer med Carmina Burana: O Fortuna

Sceneprestasjonane er til tider svært gode, men det verdt å nemne særleg Henrik Halle i rolla som mediemogulen og tyrannen Steve Bills. Halle leverer eit forrykande sceneshow i nummeret Give The People What They Want. Elles får vi både romantikk og opprør, så musikalen inneheld alt det ein kan forvente – og litt til.

Henrik Halle i rolla som mediemogulen og tyrannen Steve Bills leverer eit forrykande show i nummeret «Give the People what they want». Foto: Åge Andre Breivik

Bidraga til Kunst, design og arkitektur og Medium og kommunikasjon er også svært sentrale for den totale opplevinga. Med bokstavleg tala skreddarsydde kostymer og digitale kulisser er dei med på å levere eit sceneshow av høg kvalitet. 

Som produsent Jan Terje Eidset uttrykte til alle aktørane etter framsyninga:

– Dette var rett og slett eventyrleg! 

Sjå helsingane frå kommunane Ørsta og Volda i videoen her.