Nyhende

– Eg er glad eg har erfaringa frå ballettskulen no!

– Dette blir kjempebra, seier Emma Akerø (16). Ho gler seg til årets musikal Askeladden.dotcom, der dansen er ein utfyllande og viktig del i handlinga.

Tekst: Andreas Myhre Holen

Framsidebilete: Danselærar Renata Nagy Vynikalova instruerer dansarar før Musikalen 2020. Foto: Andreas Myhre Holen.

Ved det store musikkprosjektet er det mykje som skjer på scena, nesten til eikvar tid. Publikum skal bli underholdt og elevane som tar del i musikalen er villige.

Emma Akerø er elev på første trinnet på Musikk, dans og drama (MDD) og er med på musikalen for første gang. 

Emma Boska Akerø gler seg til Musikalen 2020. Foto: Andreas Myhre Holen

– No er det full fokus på øving. Det kan vere vanskeleg å halde styr på alt som skjer rundt seg når ein står midt i det.  Det er ein stor musikal og mykje som skal på plass, og alt har ein dominoeffekt. 

Gjennom mange år som elev ved ballettskulen var denne disiplinen noko av det Emma lærte. Den blide førsteklassingen har òg god erfaring i å halde rytme sjølv, og ikkje berre jobbe frå cue.  

SJÅ BILETGALLERI FRÅ DANSING I FESTSALEN: Energisk danseøving

– Danselæraren vår her på skulen, Renata Nagy Vynikalova, veit kva ho vil og korleis ho får det til. Det fine er at ho har sin eigen stil og god humor. 

Dansarane i musikalen jobbar hardt men målretta fram mot premieren. Bak dei ligg det mange timar med øving, men framleis står det att litt finpussing. No er det ikkje lenge igjen før dei får skine på scena.

-Det er gøy å vere ein del av dette musikkprosjektet. Eg tykkjer det er kjekt at dansen er del av handlinga og dramaturgien i framsyninga.

Billettar kan du kjøpe på nettsidene til Ørsta kulturhus. Sjåast på musikal!