Nyhende

– Folk kan bli litt overraska over kva vi får til

Tekst og foto: William Gravdal

Framsidebilete: Elevane i 3MU finpussar på arrangement til songane. Foto: William Gravdal

Det fortel Julijane Vasbotn Remmereit i 3MU på Volda Vidaregåande Skule. Ho er ein av elevane som er med og arrangerer musikk til musikalen.

Musikalen 2020 nærmar seg no med stormskritt, og førebuingane er godt i gang. 

Men før premiera går av stabelen er det enormt mykje arbeid som skal gjerast, mellom anna å gjere klart alle arrangementa til koret og orkesteret. Dette arbeidet får elevane i 3MU vere med på. 

Kva betyr eigentleg “arrangering av musikk”? 

– Det å arrangere er eigentleg det å vise dei ulike musikarane eller songarane akkurat kva dei skal spele, seier musikklærar Gunnar Sigve Aurdal.

– Kjekt å bli høyrt

Svenning Veiseth er ein av elevane som driv på med dette arbeidet, og han synest at det er veldig spennande.

– Det er heilt supert at mange skal høyre den jobben vi gjer og det er veldig kjekt å bli høyrt, fortel Svenning.

Han synest også at dette kjem til å bli veldig interessant og at det blir fint å sjå korleis arbeidet vil ende. Svenning både håpar og trur at dei som skal sjå musikalen vil like det arbeidet dei har utført. 

Svenning Veiseth, Sigurd Ose og Henrik Stave er alle elevar i 3MU, og ser fram til musikalen. Foto: William Gravdal

Hanna Nautvik Nesset fortel at det også kan vere litt utfordrande.

– Ein veit ikkje heilt 100% sikkert kva folk vil ha. Derfor må ein må prøve å finne noko ein sjølv trur andre vil like, samstundes som ein også må like det sjølv.  

Ho er likevel trygg på at dette skal gå fint, og at det vil bli bra tilslutt.

Hanna Nautvik Nesset og Julijane Vasbotn Remmereit synest at det er kjekt å jobbe med arrangering. Foto: William Gravdal

– Eg blir litt rørt

Musikklærar Gunnar har sjølv vore med som musikkelev under den fyrste musikalen i 1996, og har skrive manuset til årets musikal. Han seier at han gler seg enormt til å sjå korleis den faktisk blir på scena, men det er vanskelig å skildre kva han føler. 

– Eg blir på ein måte litt rørt når eg ser musikalen på scena, fordi det står enormt mykje arbeid bak dette, og det er ein veldig lang prosess, seier han.

Askeladden.dotcom er Volda vidaregåande skule sin 24. musikal, og har premiere på Ørsta Kulturhus 11. februar.